Hopp til innhald

EN312 Innovasjon, studentbedrift og berekraft 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Innovasjon og studentbedrift er eit tilbod til studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Studietilbodet er òg ope for eksterne søkjarar.

Studiet går over to semester med studiestart i første halvdel av oktober og avsluttande eksamen innan utgangen av mai neste semester. Det blir lagt opp til fem samlingar der ein del av samlingane vil vere nettbaserte. Dei resterande samlingane blir fordelte mellom studiestadane Sogndal og Førde.

Innhald:

  • Innføring i innovasjon - kreativitet og kreative prosessar
  • Utvikling av forretningsidé studentbedrift
  • Arbeid med forretningsmodell - økonomi, marknadsføring, sal
  • Drift av studentbedrift - registrering i Brønnøysund
  • Gjennomføring og nedlegging av studentbedrift

Læringsutbytte

I studiet lærer du:

  • Om entreprenørskap, innovasjon, nyskaping og verdiskaping.
  • Å etablere, drive og avvikle ei studentbedrift.
  • Å utvikle ein forretningsidé relatert til eiga studentbedrift.
  • Å utvikle ein forretningsmodell for studentbedrifta basert på verktøyet Business Model Canvas.
  • Om økonomien i ei studentbedrift, korleis setje opp eit budsjett og føre rekneskap i ei bedrift.
  • Om salg og marknadsføring relatert til studentbedrifta sin forretningsidé.

Gjennom studiet vil du få høve til å lære om kreative og innovative prosessar og korleis du som student kan bidra til utvikling, realisering og kvalitetsikring av nye produkt/tenester innan eige fagområde. Du vil også få kunnskap om korleis du kan setje dine produkt og tenester i eit berekraftig, miljømessig og etisk perspektiv.

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten:

  • skal ha kunnskap om entreprenørskap i eige fag/fagområde, med fokus på økonomi, marknadsføring, sal og entreprenørielle haldningar/ferdigheiter
  • skal ha kunnskap om innovasjon - med fokus på kreativitet og kreative prosessar, utvikling av forretningside
  • skal kunne planlegge, gjennomføre og legge ned eiga studentbedrift

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling, kvalitetssikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
  • setja desse i eit miljømessig og etisk perspektiv
  • utarbeida ein forretningsplan/forretningsmodell - inkludert marknad, økonomi/rekneskap, sal/marknadsføring
  • lage stand og reklamemateriell knytt til eiga studentbedrift

Generell kompetanse

Studenten

  • vil kunne bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap. Dette vil skje gjennom deltaking i utvikling, kvalitetsikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
  • får innsikt i etiske, miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og tenester dei har utvikla innan sine fagområde
  • vil kunne kommunisere og samarbeide i grupper med andre studentar, og ta ansvar for utvikling av eigen prosjektidé
  • vil gjennom faglege nettverk dele erfaringar med andre studentar, og bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Undervisnings- og læringsformer

  • Teoretisk/praktisk innføring i tema, med vekt på dialogbaserte førelesingar, prosess/gruppearbeid.
  • Arbeid med eiga studentbedrift/utvikling av forretningsidé og forretningsmodell.
  • Samarbeid med førelesarar og mentorar frå næringslivet. Førelesarar og mentorar fylgjer opp arbeidet til studentane mellom samlingane gjennom arbeidskrav og mellomliggande arbeid.
  • Rettleiing frå Ungt Entreprenørskap undervegs på oppstart, drift, innhald og avvikling av studentbedrifta.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på førelesingane og i studentbedrift.
  • Innlevering grunnskisse forretningsidé til andre samling - kort notat som skisserer forretningsidéen. 1-2 A4-sider.
  • Studentane skal registrere studentbedrift på Ungt Entreprenørskap sine nettsider og i Brønnøysundregisteret mellom andre og tredje samling.
  • Innlevering av forretningsmodell etter mal frå Business Model Canvas med presentasjon av modellen på fjerde samling. Studentane presenterer for kvarandre og mentorar frå næringslivet.
  • Innlevering av eit refleksjonsnotat mellom fjerde og femte samling der studenten reflekterer over eiga læring og utvikling av studentbedrifta knytt til sentrale tema som berekraft, verdiskaping, innovasjon og forretningsutvikling. Maks tre A4-sider.
  • Gjennomføring av studentbedrift - drift av verksemda. Vil pågå frå bedrifta blir registrert til den blir avvikla.
  • Avvikle studentbedrifta innan utgangen av mai månad dersom ikkje anna vert avtalt med studentane.

Vurderingsform

Sluttrapport studentbedrift, der ein reflekterer rundt innovasjonsprosess, utvikling av forretningsmodell og gjennomføring av studentbedrift. Kvar studentbedrift leverer inn ein rapport (gruppeinnlevering). Rapporten skal skrivast etter Ungt Entreprenørskap sin mal for studentbedriftrapport. Studentane får ut eksamensoppgåva på femte samling. Maks 7000 ord. Vurdering: greidd/ikkje greidd. Rapporten skal leverast i Wiseflow.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel