Hopp til innhald

FK212 Fysikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Måleeiningar og berekningar:

  • bruke SI-systemet
  • rekne med storleikar og einingar og omrekning mellom einingar
  • vurdere feil og usikkerheit
  • presentere tal på standardform og med dekadiske prefiks
  • vurdere bruken av idealiserte modellar

Rettlinja rørsle:

  • beherske omgrepa forflytting, fart og akselerasjon
  • tolke og utarbeide grafiske framstillingar av ulike typar rørsler
  • rekne med rørslelikningane for konstant akselerasjon

Kraft og rørsle langs ei rett linje:

  • teikne kraftvektorar
  • rekne med friksjon og tyngd
  • forstå Newtons tre lover og bruke desse i enkle problem
  • rekne med rørslemengd og impuls

Kraft og rørsle i to dimensjonar:

  • bruke Newtons tre lover i situasjonar der ikkje alle krefter verkar langs same rette linje
  • utføre berekningar for rørsler på skråplan, skrått kast, sirkelrørsle, planpendel og kjeglependel

Mekanisk energi:

  • rekne med arbeid, effekt og kinetisk energi rekne med potensiell energi i tyngdefeltet og i elastisk fjør
  • rekne med potensiell energi i tyngdefeltet og i elastisk fjør
  • rekne med energibevaring

Statikk:

  • definere og rekne med kraftmoment
  • rekne med rotasjonsjamvekt om ein akse
  • berekne tyngdepunkt for ein lekam

Mekanikk i væsker og gassar:

  • rekne med hydrostatisk trykk
  • rekne med oppdrift

Termofysikk:

  • gjere greie for temperaturomgrepet
  • gjere greie for omgrepet idealgass
  • rekne med tilstandslikningane for ein idealgass
  • gjere greie for isoterme prosessar og pV-diagram
  • gjere greie for kinetisk gassteori
  • gjere berekningar med den gjennomsnittlege kinetiske energien i ein gass
  • gjere greie for omgrepa indre energi og varme
  • gjere berekningar med kalorimetri der faseovergangar kan hende
  • gjere greie for og bruke termofysikkens første lov
  • gjere greie for termofysikkens andre lov
  • forklare verkemåten til ei varmepumpe

Lys:

  • rekne med refleksjon, bryting og totalrefleksjon av lys
  • gjere greie for det elektromagnetiske spekteret

Bølgjer:

  • definere og bruke omgrepa svingetid, frekvens, bølgjelengd og bølgjefart
  • gjere greie for bøying og overlagring av mekaniske og elektromagnetiske bølgjer
  • rekne med interferens for mekaniske og elektromagnetiske bølgjer

Atom- og kjernefysikk:

  • gjere greie for Rutherfords eksperiment
  • rekne med Bohrs atommodell
  • gjere greie for emisjons- og absorbsjonsspekter
  • gjere greie for oppbygnaden til atomkjernen
  • beskrive dei ulike formane for radioaktivitet og setje opp reaksjonslikningar for kjernereaksjonar
  • rekne med halveringstid, massesvinn og kjerneenergi

Kjemi:

 

  • periodesystemet, oktettregelen, kjemisk binding
  • balansering av reaksjonslikningar

Læringsutbytte

Med greidd eksamen/vurdering i emnet skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.

- Kandidaten kjenner til sentrale metodar i emnet, og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa frå mekanikk, termofysikk, elektrisitetslære, atom og kjernefysikk, støkiometri (kjemi)

- Kandidaten kjenner til energiomgrepet og bruk av energi i det moderne samfunnet, og kan bruke det i fysiske problemstillingar.

- Kandidaten har kunnskap om kva krav som blir stilte til forsøk.

Ferdigheiter

- Kandidaten kan rekne på kraft og rørsle i to dimensjonar og på termofysiske problem­stillingar.

- Kandidaten kan rekne med storleikar og einingar i SI-systemet, og meistrar omrekning mellom einingar.

- Kandidaten kan teikne koplingsskjema og gjere utrekningar på enkle elektriske krinsar.

- Kandidaten kan identifisere variablar som blir brukte i idealiserte modellar, med storleikar i den reelle fysiske verda.

- Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultata og skrive rapport.

Generell kompetanse

- Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapeleg tenking.

- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å bruke fysiske omgrep og storleikar.

- Kandidaten forstår samanhengen mellom fysikk og kjemi, og teknologisk bruk.

Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i naturen

Krav til forkunnskapar

Opptakskrav til Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing og laboratorieøvingar i 8 timar per veke.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjend deltaking på 4 laboratorieøvingar . 

Vurderingsform

Mappe, vekt 40% (tre 2-timars prøver, to 5-timarsprøver og to laboratorierapportar).

Skriftleg eksamen,  vekt 60%.

Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator med grafisk display og "Tabellar og formlar i fysikk, Gyldendal".

Meir om hjelpemiddel