ID3-217 Sport - kultur - leiing
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld følgjande tema:
- idrett og politikk
- idrettens organisering
- sport-medie-komplekset
- sport, kultur og identitet
- organisasjonsteori
- strategi
- leiing
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om idrettens organisering og fellesskap
- har kunnskap om framveksten og utviklinga av idrett og media i eit globalt perspektiv
- har kunnskap om sportsjournalistikk og ulike medietypar (tv, radio, aviser, Internett)
- har kunnskap om dei overordna strategiske problemstillingane i ein organisasjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere maktforhold i ein organisasjon
- kan forstå samanhengen mellom idrett og politikk
Generell kompetanse
Studenten
- har teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet
- kan forstå leiarutfordringar innanfor frivillige og profesjonelle organisasjonar
Krav til forkunnskapar
Fullført 1. år bachelor Idrett og kroppsøving eller tilsvarande kompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, framleggings- og innleveringsoppgåver og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Praksis er knytt til leiing og er ein observasjonspraksis på fem dagar fordelt over to veker.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet knytt opp mot idrettens organisering og fellesskap, framvekst og utvikling av idrett og media i eit globalt perspektiv.
- Godkjent framlegging av gruppearbeid - idrettspolitikk
- Godkjent framlegging av gruppearbeid - kultur og identitet
- Godkjent observasjonspraksis og individuell skriftleg oppgåve knytt til organisasjonsstruktur og leiing
For studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.
Vurderingsform
Del 1: Individuell skriftleg eksamen - Sport og kultur. Tid: 4 timar. Vekting: 70 % av endeleg karakter.
Del 2: Individuell munnleg eksamen - Leiing. Tid: 30 min pr. student. Vekting: 30 % av endeleg karakter.
Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel