ING3043 Brannteknisk funksjonsbasert design
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje ei innføring i dokumentasjon av brannsikkerheit ved fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven og inneheld følgjande:
- Metodar for dokumentasjon av fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven,
- Dokumentasjon av brannsikkerheit i eksisterande bygningar.
Læringsutbytte
Kunnskapar Studenten:
- kan gjere reie for sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan branningeniørens fagområde.
- kan oppdatere kunnskapen sin innan for fagområdet.
- kan dokumentere brannsikkerheit i samsvar med funksjonsbaserte krav skildra i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven.
- kan skildre analyse- og beregningsmetodar og korleis desse kan nyttast for å dokumentere eit tilfredsstillande sikkerheitsnivå.
- har oversikt over gjeldande regelverk.
- kan dokumentere brannsikkerheit i eksisterande bygg
Ferdigheiter: Studenten:
- kan nytte gjeldande regelverk innan fagområdet.
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling.
- kan identifisere, planleggje og gjennomføre prosjekt og arbeidsoppgaver.
Generell kompetanse: Studenten:
- kan formidle kunnskapen sin skriftleg og munnleg til ulike målgrupper.
- kan bidra til å synleggjera følgjer og konsekvensar av ulike branntekniske løysingar.
- kan reflektere over eiga fagleg utøving, òg i team og tverrfaglige grupper.
- kan medverka i faglege diskusjonar innan eige område og kunne dele sine kunnskapar røynsler med andre.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, øvingar, prosjektarbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja.
Ein obligatorisk innlevering basert på eit valfritt tema i faget. Arbeidet kan gjennomførast i grupper eller individuelt
Vurderingsform
Mappe.
Mappa får ein samla, gradert karakter A - E / F (stryk).
Hjelpemiddel ved eksamen
I mappeeksamen inngår ein skriftleg test. Einaste tilletne hjelpemiddel på testen er enkel kalkulator, godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.).
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- INGB-068 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng
- INGB079 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING3013 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løsninger - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING3020 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løysningar - Reduksjon: 10 studiepoeng