Hopp til innhald

MASIKT-ALM01 Allmenndidaktisk profil 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er å utvikla kompetanse i å planleggja, gjennomføra og vurdera pedagogisk utviklingsarbeid med fokus på bruk av IKT som verktøy i læringsarbeidet. Det vert lagt vekt på å sjå utviklingsarbeidet i ein samfunnsmessig kontekst og å utvikla yrkesetisk refleksjon. Sentralt i emnet står spørsmålet om kva som ligg i det å leia utviklingsarbeid for å utvikla digital kompetanse i barnehage og skule, og om det medfører særskilde utfordringar for leiaren å implementera teknologiske endringar i pedagogisk verksemd.

I del 1 er følgjande tema sentrale:

  • Barndom og ungdom i ei digital verd
  • Skulens digitale tilstand
  • Teknologi og etikk i pedagogisk kontekst
  • Elev- og lærarroller i multimodale læringsmiljø
  • Vurdering som pedagogisk verktøy
  • Sosiale medium
  • Mangfald og inkludering i det digitale klasserom

Tema dannar grunnlag for del 2 som mellom anna handsamar systemperspektiva i pedagogisk verksemd.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om barn og unge sin oppvekst og danning i ulike læringskontekster.
  • har inngåande kunnskap om bruk av sosiale medium i ei pedagogisk ramme

Ferdigheiter

Studenten

·         kan analysere utfordringar barn og unge møter i mediesamfunnet

·         kan analysere og vurdere multimodale læringsmiljø

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over og vurdere bruk av IKT i en heilskapleg pedagogisk kontekst
  • nytte sjølvstendig, kritisk og yrkesetisk profesjonskompetanse når det gjeld IKT¿s rolle i ulike læringskontekstar.
  • kan utvikle og styrke samarbeidet om utvikling av et heilskapleg læringsmiljø for barn og unge.

Krav til forkunnskapar

- Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, samlingar, individuell og kollektiv rettleiing, nettbaserte ressursar, arbeid med oppgåver og medstudentrettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på fellessamlingar (sjå semesterplan).

Vurderingsform

Semesteroppgåve

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte hjelpemidlar tilletne

Meir om hjelpemiddel