Hopp til innhald

ME420 Statistikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studentane får øving i data leting og analyse av ulike typar data og beskriving av desse med statistiske testar, frå enkle klassiske testar som kji-kvadrat, t-test, wilcoxon rank sum test, og korrelasjon, til meir avansert teknikker som ANOVA og regresjon. Studentane også får øving i Estimering av usikkerhet / konfidensintervall, eksperimentell design / planlegging og presentasjon av data. Bruk av programmet R.

Læringsutbytte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå kor viktig statistikk er i forsking
  • forstå nokre av dei viktigaste prinsippa bak statistikken
  • kunne betrakte omverda meir objektivt med tanke på mønstre og trendar

Ferdigheiter. Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne anvende nokre statistiske metodane
  • kunne planleggje feltforsking/ feltarbeid til bacheloroppgåve med tanke på god statistisk behandling
  • kunne bruke den vanlegaste nytta statistisk programvare

Generell kompetanse. Etter fullført emne skal studentane

  • kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media, rapportar og vitenskapelige artikler
  • kunne betrakte omverda meir objektiv med tanke på mønstre og trendar
  • kunne utføre statistiske analyser nødvendig i f.eks bacheloroppgaver.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar (ca. 1/4) og øvingar (ca. 3/4).

Studentane treng eigen datamaskin til øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Kort essay levert i slutten av veke 1. Studentane skal gjere greie for forsøksdesignet til eit prosjekt som dei gjennomfører i løpet av kurset.

2) Eit tekstdokument, levert i løpet av veke 4, med R-kode. Studentane samlar data for sine respektive prosjekt og gjennomføre grunnleggande statistikk med bruk av R i løpet av veke 2-4.

3) Studentane må oppnå 60% korrekt svar på førelesningsquizar og praktiske øvingar

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 15 minuttar

Studentane skal gjere greie for sitt prosjekt, dei metodane dei valde for å analysere og tolke data, og drøfte alternative metodar.

Karakterskala: A-E/F (stryk)

Hjelpemiddel ved eksamen

Eigen datamaskin, boka, osv

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME420 - Statistikk med bruk av programvare - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ME420 - Statistikk med bruk av programvare - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ME420 - Statistikk for naturfag - Reduksjon: 19 studiepoeng