Hopp til innhald

SA6-502 Helse- og velferdspolitikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet sitt fokus er å gje innsikt og forståing for helse- og velferdspolitiske spørsmål og utfordringar i lys av politiske føringar og reformer. Korleis vert offentleg politikk utforma og sett i verk? Kva kjenneteiknar politikk i høve fagleg verksemd? Velferdsstat og velferdssamfunn i nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Profesjonane i velferdsstaten. Samhandlingsutfordringar og nye samhandlingsideal. Endra kontekstar for leiarrolla, profesjonsrolla og brukarrolla.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap:

  • ha generell kunnskap om politikk, politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk
  • ha inngåande kunnskap om velferdsstaten si historie og utvikling
  • ha kunnskap om bakgrunn og ideologi for større reformer innan helse- og velferdssektor, og korleis desse set retning for utforming og utvikling av helse- og velferdstenester på organisasjonsplan
  • ha avansert kunnskap om profesjonsrolla, leiarrolla og brukarrolla i endra kontekstar i helse- og velferdssektor

Ferdighet:

  • kunne analysere sentrale reformer og utviklingstrekk i helse- og velferdssektoren, og kunne drøfte korleis dette påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving 
  • kunne gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk arbeid på ei bruksretta problemstilling 

Generell kompetanse:

  • ha inngåande kompetanse i forstå og analysere helse- og velferdspolitikk som ramme for praksis knytt til leiing og profesjonsutøving, samt kunne reflektere over endringsutfordringar for  sektoren generelt og for dagleg drift i eigen  organisasjon spesielt. 

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesning, gruppearbeid, rettleiing av tekst til eksamensoppgåve. Tekstutforming er ein sentral del av studentane sin læringsprosess.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Tre korte notat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Førebu og presentere valt artikkel på artikkelseminar.

Arbeidskrav nr. 5a og 5b  må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.  

 

Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.

Vurderingsform

Mappe som innheld to arbeid:

1. Oppgåve som handlar om helse- og velferdspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget  6000 ord. 

2. Individuell utforma tekst som drøftar eigen læringsprosess gjennom studiet generelt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 1a i studieplanen og for SA6-xx1 Helse- velferdspolitikk spesielt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 5a. Omfang inntil 2400 ord.

Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til dei to arbeida i mappa.

Bokstavkarakter A - F

Ved stryk kan omarbeida oppgåve/notat bli levert inn.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA6-409 - Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
  • SA6-410 - Politikk, styring og endring i utdanningssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
  • SA6-407 - Helse- og velferdspolitikk - Reduksjon: 15 studiepoeng