SAB110 Danning og akademisk handverk
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne og er studentens første møte med Høgskulen på Vestlandet sitt faglege og sosiale fellesskap. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping.
Emnet fremjar perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Innføringsemnet rettar merksemda mot berekraft og vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og å til utvikle evna til nyskaping.
Emnet siktar mot å utvikle studentanes kunnskap om ulike profesjonars og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i forhold til utdanning og berekraft. Emnet legg til grunn at vitskapleg arbeid mellom anna er eit akademisk handverk. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar utgjer deler av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring. Ved bruk av akademiske arbeidsmåtar vert ein kjent i og tek del i bygginga av kunnskapens hus. Handverket set ein i stand til å kunne vurdere og dokumentere informasjonskjelder, og til å utvide og utdjupe kunnskap. Handverket set ein stand til å skrive akademiske tekstar.
Danning er det som mennesket prøver å gjere av seg sjølv i eit samfunn. Danning gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen, Kunnskapar, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere.
Utdanning er menneskets formidling og tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner. Slik vert individet i stand til å delta i arbeidsprosessar. Utdanning byggjer menneske og samfunn.
Emnet legg FNs berekraftmål til grunn. Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar, fagleg og administrativt tilsette Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk fakultetsdel på 2,5 eller 5 studiepoeng (ved 10 studiepoengs emnemodular). Delen som er felles og fakultetsdelen utgjer ei integrert eining.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten...
- har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
- har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og profesjonanes perspektiv på forholdet mellom teori og praksis
- har kunnskap om forholdet et mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
- kjenner hovudlinjene i diskusjonen om ansvar for berekraftig utvikling i det globale samfunnet
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
Ferdigheiter
Studenten...
- finn, vurderer og brukar ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
- kan skrive tekst som tematiserer berekraft og som tilfredsstiller grunnleggjande akademiske krav
- drøfter sentrale problemstillingar i vitskapanes og etikkens teori
Generell kompetanse
Studenten...
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.
- kan identifisere og klargjere potensielle etiske dilemma og etiske val i arbeidslivet
- kan ta inn diskusjonar om berekraft og vere kritisk og reflekterande til sitt eige fagområde og til vitskapane generelt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasseroms pedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas. Undervisnings- og læringsformane vil slik variere mellom ressursførelesingar og aktivitetar som fremmar refleksjon og gruppetilhøyr. Gruppearbeidet med rettleiing vert nytta som ein gjennomgåande aktivitet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan fremstille seg til eksamen;
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing
- Aktiv bidrag i utvikling og deling av digital presentasjon i gruppa
Vurderingsform
Oppgåve
Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1 500 ord +/- 10%.
Vurderingsuttrykk
Bestått/ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen må studentane levere ei ny skriftleg gruppeoppgåve
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng