ØSS115 Offentleg økonomi
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Kurset byggjer på og utfyller BØA203 Mikroøkonomi. Målet med kurset er å gi studentane ei djupare forståing for marknadsøkonomien sine svake sider og korleis det offentlige kan medverke til ein samfunnsøkonomisk sett meir effektiv ressursbruk og rettvis fordeling.
Innhald
- Konkurransepolitikk
- Eksternalitetar og miljøpolitikk
- Offentlig forsyning og produksjon av gode
- Skatt
- Trygd og sosial forsikring
- Fordelingspolitikk
- Nytte-kostnadsanalyse
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar:
- Kunne forklare sentrale omgrep innan velferdsteori
- Analysere konsekvensane av konkurranse- og miljøpolitikk for samfunnsøkonomisk effektivitet
- Analysere dei velferdsmessige grunngjevingane for offentlig tenestetilbod, korleis tenestetilbodet skal dimensjonerast og produksjonen organiserast
- Analysere konsekvensane av skatt for samfunnsøkonomisk effektivitet og prinsippa for eit optimalt skattesystem
- Analysere dei velferdsmessige grunngjevingane for og effektivitetsmessige konsekvensane av trygd, sosial forsikring og omfordeling
- Kjenne til sentrale etiske teoriar som er relevante for å vurdere økonomisk politikk, avveginga mellom samfunnsøkonomisk effektivitet og rettvis fordeling
- Gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar
Ferdigheiter
- Formulere, illustrere, løyse og anvende mikro- og velferdsøkonomiske modellar
- Gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar
- Reflektere kritisk over offentlig politikk og dei etiske dilemma som kan oppstå i den samanheng
Generell kompetanse
- Gjøre bruk av abstrakte modellar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA203 Mikroøkonomi.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar og oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må ein få godkjend skriftleg svar på 2 av i alt 3 obligatoriske arbeidskrav. Godkjende arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og fem påfølgende semester.
Vurderingsform
Skriftleg skoleeksamen, 5 timer. Eksamen kan bli på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel