Hopp til innhald

ØKB3119 Rekneskapsføraryrket og rekneskapsorganisering

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir innsikt i ein rekneskapsførar sin rolle og god rekneskapsførarskikk, irekna utfordringar knyta til handsaming og registrering av transaksjonar og hendingar i ei verksemd, samt organisering og intern kontroll. Studentane vil også lære meir om rekneskapsanalyse og få ei innføring i praktisk bruk av eit IKT-basert rekneskapssystem.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • Har god kjennskap til dei reglar som regulerer rettar og plikter for autoriserte rekneskapsførarar, irekna også rekneskapsførar sine erstatningsrettslege plikter
  • Har god kjennskap til krav, plikter og tilrådingar som kjem fram i god rekneskapsføringsskikk
  • Kjenner roller og ansvar til styret, dagleg leiar og revisor knyta til ei verksemd
  • Kjenner dei mest sentrale rutinane i ei verksemd
  • Kjenner generelle kontrollar og kan reflektera over organisasjonsmessige relasjonar i samband med intern kontroll, irekna tiltak for å sikra effektiv intern kontroll
  • Kjenner til krav til tryggleik og kontrollar i IKT-system
  • Har kunnskap om dei grunnleggande bokføringsprinsippa i bokføringsloven og god bokføringsskikk, irekna andre reglar i bokføringslov og rekneskapslov

 

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan nytta reglar om rettar og plikter og innhaldet i god rekneskapsføringsskikk irekna risikoregelverket (jf forskrift om risikostyring og internkontroll) og kvitvaskingsregelverk
  • Kan gjere analysar av rekneskap som grunnlag for økonomisk rådgiving til oppdragsgivar

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan tileigna seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
  • Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar
  • Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar 100%

Karakterskala A - F

Eksamen kan bli avheld på digitalt eksamenssystem. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel