Hopp til innhald

FE401 Miljø- og energipolitikk

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i dei viktigaste miljøpolitiske diskursane og ei innføring i metodar for analyse av miljøkonsekvensar av tekniske system og produkt, med hovudvekt på konsekvensanalyse, livssyklusanalyse og økologisk fotavtrykk. Emnet gir ei oversikt over politiske verkemiddel og krav som stimulerer til auka produksjon og bruk av fornybar energi i Noreg. Emnet gir også ei grunnleggande innføring i dei viktigaste miljømessige konsekvensane av auka produksjon og bruk av fornybar energi, og diskusjonen i samfunnet knytt til dette. 

Emnet gir ein historisk gjennomgang av norsk miljø- og energipolitikk, og det blir lagt vekt på å forstå utviklinga og bakgrunnen for dagens system frå eit samfunnsmessig perspektiv. Det blir også gitt ein gjennomgang av dei viktigaste aktørane og elementa i den internasjonale energipolitikken. Emnet gir ei grundig innføring i konsesjonsprosessen for energianlegg slik den er forankra i lovverket og praktisk gjennomføring av denne prosessen ut frå krava som er fastsette i utgreiingsprogrammet. Det vil også bli gitt ei innføring i bruk av kvalitativ metode, spesielt intervju, til bruk i arbeid med prosjektoppgåva.

Læringsutbytte

  • Studentane skal ha kunnskap om dei viktigaste miljøpolitiske diskursane.
  • Studentane skal kjenne til dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse, og vurdere desse i forhold til miljø og berekraft.
  • Studentane skal ha kunnskap om korleis ein miljøkonsekvensanalyse for eit energianlegg vert gjennomført.
  • Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om dei viktigaste aktørane og verkemidla i nasjonal og internasjonal energipolitikk.
  • Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om dei viktigaste verkemidla for å stimulere til auka produksjon og bruk av fornybar energi.
  • Studentane skal ha kunnskap om innhaldet i og framgangsmåten for å søkje om konsesjon for energianlegg.
  • Studentane skal ha kunnskap om ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar.

  • Studentane skal kunne utforme delar av ein konsesjonssøknad for energianlegg.
  • Studentane skal kunne nytte intervju og dokumentanalyse i prosjektoppgåva.
  • Studentane skal kunne søkje og finne fram aktuell fagleg litteratur i sentrale norske ressursar.

  • Ha grunnleggande kompetanse om dei viktigaste miljøpolitiske diskursane, energi- og miljøpolitiske verkemiddel og dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse.
  • Kunne gjennomføre delar av ein konsesjonssøknad for energianlegg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, gruppearbeid, innleveringar og ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

To (2) skriftlege innleveringar beståande av 500-1000 ord utan referansar. To av to innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg gruppebasert prosjektoppgåve med grupper på 2-5 studentar, omfang minimum 5000 ord (ekskludert referanseliste).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle 

Meir om hjelpemiddel