FE409 Metodekurs for fornybar energi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Kurset har tre delar. Den fyrste delen handlar om vitskapsfilosofiske tema som årsak og verknad, ulike typar forklaringsmodellar (kausale, funksjonelle, intensjonale) og tilhøvet mellom fornuft og empiri, induksjon og deduksjon, i den vitskaplege utvikling av kunnskap. Studentane vil bli presenterte for den hypotetisk-deduktive og hermeneutiske metoden i utforming og testing av hypotesar. Sentralt i framstillinga står utforming av kausaldiagram med spesifiserte hypotesar om samanheng mellom ulike variablar.
Den andre delen handlar om kvalitativ metode og case-studiar. Sentralt i denne delen står utforming og gjennomføring av intervju samt utveljing av informantar.
Den tredje delen handlar om kvantitativ metode. Her vert det lagt vekt på utforming av spørjeskjema, innsamling av data, trekking av ulike typar utval og statistisk analyse for generalisering til større populasjonar. Studentane vil bli presenterte for statistiske analyseformer som kji-kvadrattest, t-test, variansanalyse, bivariat og multivariat regresjon. I framstillinga av multivariat regresjon vil det bli lagt vekt på statistisk kontroll og deduksjon av direkte, indirekte og spuriøse effektar samt samspeleffektar i eit kausaldiagram.
Kurset vil også leggje vekt på introduksjon av enkle omgrep innan energianalyse som energikjelde, energiovergang, energiberar og verknadsgrad. Studentane vil bli introduserte for omgrepet energikjeder, som syner korleis energiberarar vert omdanna til mekanisk, kjemisk eller elektrisk arbeid i ulike kjeder av input og output. Slike kjeder er utgangspunkt for livsløpsanalysar (LCA analyse).
I tillegg skal studentane ha grunnleggjande kjennskap til registrering av energi i offentlege rekneskap og kunne ta føre seg ei kritisk kjeldevurdering av ulike internasjonale rekneskap.
Læringsutbytte
Føremålet med kurset er å gje ei innføring i bruk av kvalitative og kvantitative metodar i forskingsprosjekt. Studentane skal kjenne til føresetnader og avgrensingar ved å bruke forskjellige tilnærmingar til metode. Studentane skal kunne velje forskingsstrategi for ei gjeven problemstilling og vurdere a) kva for data som må samlast inn, b) korleis desse data kan analyserast, og c) kva for konklusjonar som kan trekkjast på bakgrunn av eit valt design. Vidare skal studentane kjenne til grunnleggjande tema frå vitskapsfilosofi, som kjelder til sann kunnskap (fornuft og empiri, induksjon og deduksjon) samt ulike former for verifisering av kunnskap (hermeneutikk og den hypotetisk-deduktive metode).
Studenten...
- vil ha kunnskap om tilhøvet mellom fornuft og observasjon i vitskapeleg utvikling av kunnskap
- vil ha kunnskap om design av forskingsprosjekt
- vil ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp i kvalitative og kvantitative metodar
- vil ha kunnskap om føresetnader og avgrensingar i ulike metodetilnærmingar
- vil ha kunnskap om kva for metodar som passer til ei gjeven problemstilling
- vil ha kunnskap om kva for data som passar til valt metodisk tilnærming
- vil ha kunnskap om korleis data vert samla inn
- vil ha kunnskap om utforming og testing av hypotesar for eit gjeve sett med innsamla data
- vil ha kunnskap om analyse av eit gjeve sett med innsamla data
- vil ha kunnskap om grunnleggjande omgrep innan energianalyse (energikjelde, energiovergang, energiberar, verknadsgrad, energikjede)
- vil ha kunnskap om energirekneskap, korleis ulike former for produksjon og forbruk av energi vert registrert i offentlege rekneskap
- vil ha kunnskap om korleis energidata vert samla inn og korleis kvaliteten på desse kan bli kritisk vurdert
- vil ha kunnskap om energispesifikke data og energirekneskap i Noreg og internasjonalt
Studenten...
- vil vere i stand til å velje metodetilnærming for ei gjeven problemstilling
- vil vere i stand til å samle inn data for ei gjeven problemstilling
- vil vere i stand til å nytte verktøy for handsaming av tall og statistisk analyse (Excel)
- vil vere i stand til å nytte verktøy for kvalitativ analyse
- vil vere i stand til å analysere enkle verdistraumar for LCA-analyse
- vil vere i stand til å samle inn, samanlikne og kritisk vurdere data frå ulike internasjonale energirekneskap
Studenten...
- vil kjenne til føresetnader og avgrensingar ved ulike metodetilnærmingar
- vil vere i stand til å gjennomføre kritisk vurdering av metodebruk i ulike vitskaplege publikasjonar
- vil vere i stand til å identifisere metode-problem i utforming av problemstillingar i eiga og andre si forsking
- vil vere i stand til å overføre refleksjon over vitskapleg utvikling av kunnskap til andre fag. I kva grad påverkar forskaren sjølv objektet for forskinga?
- vil kjenne til grunnleggjande utfordringar i LCA-analyse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, innleveringar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre (3) skriftlege innleveringar, ei øving med kvalitativ metode, ei øving med kvantitativ metode og ei øving med innsamling og tolking av data med utgangspunkt i ein modell som studentane sjølve definerer. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel