Hopp til innhald

FYS110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhold og oppbygning

Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne og er studenten sitt første møte med Høgskulen på Vestlandets faglege og sosiale fellesskap. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping.

Emnet fremjar perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Innføringsemnet rettar merksemda mot berekraft og vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i forhold til utdanning og berekraft. Emnet legg til grunn at vitskapleg arbeid mellom anna er eit akademisk handverk. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar utgjer deler av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring. Ved bruk av akademiske arbeidsmåtar vert ein kjent i og tek del i bygginga av kunnskapens hus. Handverket set ein i stand til å kunne vurdere og dokumentere informasjonskjelder, og til å utvide og utdjupe kunnskap. Handverket set ein stand til å skrive akademiske tekstar.

Danning er det som mennesket prøver å gjere av seg sjølv i eit samfunn. Danning gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen. Kunnskapar, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på  ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere.

Utdanning er mennesket si formidling og tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner. Slik vert individet i stand til å delta i arbeidsprosessar. Utdanning byggjer menneske og samfunn.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg og administrativt tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel på 2,5 eller 5 studiepoeng. Delen som er felles og utdanningsdelen utgjer ei integrert eining.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne og er studenten sitt første møte med Høgskulen på Vestlandets faglege og sosiale fellesskap. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping.​

Læringsutbytte

Ein student med fullførd emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten skal...

  • ha kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • ha kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og profesjonane sitt  perspektiv på forholdet mellom teori og praksis
  • ha kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • kjenne hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
  • ha kunnskap om kommunikasjon og samarbeid

Grunnleggjande ferdigheiter:
Studenten kan...

  • finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • drøfte sentrale problemstillingar innanfor vitskap
  • drøfte sentrale problemstillingar innanfor etikk

Generell kompetanse:
Studenten... 

  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.
  • kan identifisere og klargjere etiske val og dilemma i arbeidslivet
  • kan ta inn diskusjonar om berekraft og vere kritisk og reflekterande til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.

Undervisnings- og læringsformene vil slik variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremmar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Det vert gitt rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  1. Individuelt refleksjonsnotat
  2. Digitalt kurs i informasjonskompetans, inkludert introduksjon til emne KBP på tvers
  3. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing

Læringsaktivitetene er gyldige i 4 semestre

Vurderingsform

Oppgåve
Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1 500 ord +/- 10%.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Greidd/ikkje greidd

Ny eksamen
Ved ikkje bestått skal gruppa levere ny oppgåve. 

Faglig overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BIO101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng