Hopp til innhald

GE408 Mineralogi og petrografi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Emnet tar for seg systematisk mineralogi og mineralgenese, dei fysiske eigeskap til mineral og korleis ein nyttar desse til systematisk mineralidentifikasjon. Petrografidelen set fokus på mineralogisk klassifikasjon av magmatiske og metamorfe bergartar, ein mineralogisk/kjemisk klassifikasjon av magmatiske bergartar, samt ein klassifikasjon av dei vanlegaste sedimentære bergartar. Spesiell vekt leggjast på samansetjing og identifikasjon av bergartane som finnast i regionen Sogn og Fjordane i Vestland fylket, makroskopisk ved hjelp av handstykker og lupe, og mikroskopisk ved tynnslip.

Læringsutbytte

Studentane skal:

  • kunne beskrive og identifisere vanleg førekommande mineral og bergartar i handstykke
  • kjenne til ulike identifikasjonsmetodar for mineral og bergartar
  • ha kunnskap om danning og førekomst av mineral og bergartar
  • kunne utføre mineralogisk klassifikasjon av bergartar.

Studentane skal kunne:

  • foreta ein sjølvstendig bestemming av bergartar og mineral i felt
  • bekrefte feltanalysen ved hjelp av makroskopiske og mikroskopiske undersøkingar i laboratoriet

Studentane skal ha tilstrekkeleg kunnskap om mineral og bergartar for å kunne gjennomføre ein første identifikasjon i felt og på laboratorium samt raskt å kunne bygge opp kompetanse innanfor bergarts- og mineralorienterte arbeidsplassar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på GE406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, laboratorium, og to dagar ekskursjon med gruppearbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 10 øvingar i krystallografi og mineralogi - laboratorierapport
    • 4 timar krystallografi
    • 6 timar mineralogi og mineralkjemi
  • 2 øvingar i petrografi - laboratorierapport
    • 14 timar bergartsbestemmelse og bergartsklassifikasjon på laboratorium og i mikroskop
    • 4 timar gruppearbeid for utarbeiding av ekskursjonsguide

  • 15 minutt muntleg presentasjon av bergartene på gruppenes ekskursjonsmål omtalt i ekskursjonsguiden

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Bokstavkarakter A-F, der F svarar til ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Ikkje-programmerbar lommekalkulator, fargeblyantar, linjal, viskelær.

Meir om hjelpemiddel