Hopp til innhald

GE491 Bacheloroppgåve i geologi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærer, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i eller formulert i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Læringsutbytte

Studenten skal:

  • kunne samle inn og tolke data og presentere og diskutere resultatene i en skriftlig rapport
  • ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Studenten skal kunne:

  • gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
  • gjennomføre innsamling av datamateriale
  • gjennomføre syntese-/analysearbeid
  • presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar
  • søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve kan kandidaten:

  • gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske problemstillingar
  • definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte
  • gi ei balansert framstilling av temaet
  • byggje opp og presentere ein fagrapport og kan formidle hovudtrekka i fagrapporten på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på bachelorseminar i januar
  • Munnleg presentasjon av oppgåve i grupper før innleveringsfristen

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter: A-F.

Fagleg overlapping

  • GE491 - Bacheloroppgåve i anvendt geologi - Reduksjon: 20 studiepoeng