Hopp til innhald

GE491 Bacheloroppgåve i geologi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Oppgåva har ein naturvitskapeleg karakter og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller formulert i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Forslag til bacheloroppgåver vert presentert for studentane på eit møte, og studentane får ein frist for å komme med ynskje om kva oppgåve dei vil ha. Oppgåvene vert fordelt etter ei samla vurdering.

Retningslinjene til bacheloroppgåva er beskrive her: https://www.hvl.no/student/eksamen/heimeeksamen-og-oppgaveskriving/rettleiar-for-bacheloroppgava-ved-fin/

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • kunne samle inn og tolke data, og presentere og diskutere resultatene i en skriftlig rapport
  • ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • gjennomføre innsamling av datamateriale.
  • gjennomføre syntese-/analysearbeid.
  • presentere eit sjølvstendig arbeid både skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar.
  • søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
  • meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

Generell kompetanse

Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve kan kandidaten:

  • gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske problemstillingar.
  • definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte.
  • gi ei balansert framstilling av temaet.
  • byggje opp og presentere ein fagrapport og kan formidle hovudtrekka i fagrapporten på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er normalt at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve. Ein kan ikkje vere meir enn 3 studentar i ei gruppe.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på bachelorseminar i januar
  • Munnleg presentasjon av oppgåve i grupper før innleveringsfristen

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter: A-F.

Fagleg overlapping

  • GE491 - Bacheloroppgåve i anvendt geologi - Reduksjon: 20 studiepoeng