Hopp til innhald

ID3-221 Folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

  • Folkehelsearbeid
  • Helseomgrepet
  • Sosial ulikskap og helse
  • Helsepolitikk og politiske planar
  • Fysisk aktivitet i folkehelsearbeid
  • Kosthald i folkehelsearbeid
  • Folkehelsearbeid på ulike arenaer
  • Instruktørrolla og treningsrettleiing
  • Aktuelle praktiske aktivitetar: sal, sykkel, basseng, trening utendørs, styrke- og basistrening

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om folkehelsearbeid på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan
  • har brei kunnskap om kva som ligg i omgrepa helse, folkehelse og fysisk aktivitet
  • har brei kunnskap om generelle tilrådingar om fysisk aktivitet og kosthold for friske
  • har brei kunnskap om utviklinga av fysisk aktivitet og kosthold i den norske befolkninga

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gje generelle tilrådingar om fysisk aktivitet og kosthold til friske
  • kan gjennomføre ulike typar fysisk aktivitet for friske med fokus på instruktørrolla

Generell kompetanse

Studenten

  • har generell kompetanse om systematisk folkehelsearbeid
  • har generell kompetanse om folkehelsearbeid på ulike arenaer
  • har generell kompetanse om sentrale faktorar som påverkar helsa vår, slik som livsstil og helseadferd, strukturelle faktorar og sosial ulikskap

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, PT eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, praktisk arbeid, framleggings- og innleveringsoppgåver for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppeframlegging og praktiske timar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å gjennomføre ulike typar fysisk aktivitet for friske med fokus på instruktørrolla og kompetanse om folkehelsearbeid og sentrale faktorar som påverkar helsa.

  • Eit godkjent praktisk individuelt arbeidskrav
  • Eit godkjent arbeidskrav i gruppe (munnleg framføring og skriftleg innlevering)
  • Levere to faglege tekstar til rettleiing som skal inngå i mappeeksamen

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen. Mappa skal innehalde to faglege tekstar der begge må vere bestått. 

Gradert karakter (A-F).

Ved karakter F (ny eksamen) leverer studenten ny mappe (begge tekstane). Det er anledning til å arbeide vidare med tidlegare leverte tekstar. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel