Idrettsstudentar som trenar i idrettshall.

Idrett, fysisk aktivitet og helse | 2. år

Bachelor

Denne utdanninga passar for deg som er oppteken av helse og fysisk aktivitet, og korleis vi kan møte helseutfordringane vi har i samfunnet i dag. Studiet har ein helsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom livsstil og helse på individ- og samfunnsnivå.

Vi tek ikkje opp studentar til 1. studieår hausten 2021, men har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Studentar frå andre høgskular/universitet kan óg søke opptak til 2. studieår og eventuelt 3. studieår.

Gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga. I tillegg er det kort veg til fantastisk natur som Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen.

Gjennom studiet lærer du:

  • om livsstilssjukdomar, folkehelse og folkehelsearbeid
  • om kroppens fysiologi
  • korleis fysisk aktivitet og inaktivitet påverkar kroppen
  • korleis fysisk aktivitet kan brukast i førebuing, rehabilitering og opptrening
  • å planlegge, gjennomføre og evaluere fysisk aktivitet og trening for ulike målgrupper
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

Praksis

Studiet inneheld to praksisperiodar. Tre veker 2. studieår, to veker 3. studieår, som er knytt til tema som omhandlar fysisk aktivitet opp mot læring, førebygging og rehabilitering.

Informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

  • Med årsstudium i PPU blir du kvalifisert for å undervise frå 5.-13. trinn.
  • Du kan også bygge på utdanninga di med Master i idrettsvitskap ved HVL, eller ta andre relevante masterutdanningar ved ulike høgskular og universitet.
  • Master samhandling og folkehelse

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester. Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer!

Kor kan du reise?

Samarbeidspartnere i Norden

Danmark

Sverige

Finland

  • University of Jyväskylä
  • Haaga-Helia University of Applied Sciences

Island

Litauen

Latvia

  • Latvian Academy of Sport Education