Hopp til innhald

ID3-323 Forskningsmetode og bacheloroppgave i idrett og kroppsøving

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gje studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport. Studenten har krav på rettleiing i prosessen. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid  
  • kan finne, vurdera og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling 
  • kan behandle, analysere og tolke data  

 

Generell kompetanse  

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine eller som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Fullført 90 sp frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeidar saman i gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • To godkjente skriftlege metodearbeid for å synliggjøre brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar.

 

  • Godkjent prosjektskisse, presentasjon og deltaking på Work in Progress (WIP)-seminar for å vise at ein kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid og kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.

Ved ikkje bestått arbeidskrav har ein nytt forsøk.

For studentar som vel trenarutdanning i fotball skal bacheloroppgåva vera retta mot fotballfeltet.

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F).  

Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåva i løpet av påfølgjande semester. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling.  

Ved ny eksamen har en kun rett på 1 time veiledning. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel