MDIP503 Didaktiske praksisar
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Sentrale undervisningstema:
Generell didaktikk, styringsdokument, utdanningspolitikk og sentrale satsingsområde
Temaet skal gi inngåande historisk og systematisk overblikk over didaktiske tradisjonar, teoriar og modellar. Det vert lagt til rette for inngåande studie i korleis didaktisk kunnskap - i forhold til både utdanningssystemet, skulen som institusjon og som undervisning - blir utvikla og brukt. Særtrekk og samanhengar mellom generell didaktikk og ulik fag- eller emnedidaktikk vert gjennomgått. Temaet diskuterer vidare utdanningspolitiske og økonomiske styringsinstrument. Det ert vist kva konsekvensar dette kan ha for undervisnings- og opplæringspraksis.
Didaktisk læreplanarbeid - læraren i møte med eleven
Temaet tek opp praktisk didaktisk læreplanarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet. Samanhengar mellom individs danning og kunnskapsområde som t.d. spesifikk fagkunnskap blir gjennomgått. Praktisk tilnærming til fagdidaktiske modellar og teoriar i studiet vil legge grunnlag for at studenten skal kunne arbeide med læring og kunnskapsformidling med mål om å kunne skape ein her og nå didaktikk. Temaet tar videre opp korleis individuelt tilpassa undervisning, læringsmål og medverknad kan gi praktisk relevans for elevar på ulike kunnskaps- og ferdigheitsnivå. Organisering og implementering av fagfornyinga med påfølgjande endringar av undervisningsformer vil være bærebjelken i dette arbeidet
Didaktikk i eit praktisk elevperspektiv
Temaet vil særleg krinse rundt elevane og deira føresetnader for å kunne være sjølvstendig og kritisk kunnskapsorienterte i læringsarbeidet. Djupelæring vil stå sentralt gjennom praktisk gjennomgang og utprøving av moglege undervisningsopplegg. Temaet vil og ha vekt på elevmedverknad, læringsglede og korleis det kan arbeidast med utgangspunkt i læreplanverkets generelle del og fagas overordna og fagspesifikke del. Vurdering for læring med design for observasjon og ferdigheitsvurdering kjem til uttrykk gjennom praktisk studentarbeid. Temaet vil ta opp praktiske læringssituasjonar der studentane får høve til å observere og vurdere eiga og andre si undervisning i sine ulike fag. Studentane får høve til å gjennomføre undervisning med utgangspunkt i generelle og eigendefinerte faglege formål med undervisninga. Studentane skal kunne gi tilbakemeldingar på medstudentane sine val gjennom refleksjon av eiga planlagd undervisning og refleksjon av presentert kunnskap og ferdigheiter.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten har
- innsikt i didaktiske tradisjonar, teoriar og modellar
- kunnskap om korleis styringsideologi gir føringar for didaktisk praksis
- avansert kunnskap om individuelt tilpassa undervisning, vurdering for læring og kunnskapsformidling for elevar med ulike læringsføresetnader og læringsmål
- inngåande innsikt i betydninga av elevmedverknad og etablering av læringsglede
- avansert kunnskap om læreplananalyse og implementering av fagfornyinga, læreplanverkets overordna del, med tverrfaglege tema, samt djupnelæring og digital kompetanse
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- forklare og gi eksempel på didaktisk læreplanarbeid og i samarbeid med praksiselevar omarbeide kompetansemål til elevtilpassa læringsmål
- bruke kunnskap om fagfornying utvikle og legge til rette for folkehelse og livsmeistring, demokratisk medborgarskap og medverknad, og pedagogisk berekraftig utvikling
- analysere, ta i bruk og vurdere pedagogisk og forskingsbasert kunnskap til å analysere og drøfte faglege problemstillingar
- forklare og gi eksempel på samanhengar og særtrekk ved generell didaktikk og fag-eller emnedidaktikk
- analysere, planlegge og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing og vurdering for læring i eit profesjonsfellesskap
Generell kompetanse:
Kandidaten kan
- kritisk og reflektert drøfte og vurdere ulike didaktiske tradisjonar, teoriar og modeller
- analysere, diskuterer og vurdere kva som fører til barn- og unges danning og læring
- bidra til relevant forskingsbasert og utviklingsorientert formidling og anvende sin kunnskap i innovasjon knytt til fagfornyinga
- vere ein aktiv pådrivar for implementering av fagfornyelsen ved å kunne gjennomføre og drøfte læreplananalysar
- gi kritiske og reflekterte kommentarar til medstudentar sine kunnskapar, ferdigheiter i undervisningsplanlegging
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningen er samlingsbasert og foregår i form av forelesninger, seminar og veiledning. Den vil veksle mellom undervisning og studentaktive læringsformer. Detaljer om kursets organisering og undervisning finnes i semesterplanen som utdeles ved semesterstart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal levere to obligatoriske arbeidskrav med tilbakemeldinga bestått/ikkje bestått:
Arbeidskrav 1: Studentane skal legge fram skriftleg utkast til ei oppgåve om eit didaktisk tema, og vurdere tekstar til medstudentar.
Arbeidskrav 2: Studentane skal halde ein munnleg presentasjon over det didaktiske temaet i arbeidskrav 1 og gi tilbakemeldingar til medstudentar. Dersom omstenda krev det, kan arbeidskravet bli gjennomført på nett eller som digital innlevering.
Retningsliner for arbeidskrava vil bli presenterte ved oppstart.
Alle obligatoriske arbeidskrav må være godkjent av faglærar før studenten kan framstillast til eksamen. Godkjente arbeidskrav er gyldige i to påfølgjande semester etter godkjenning. Studentar som ikkje får godkjent eitt eller fleire arbeidskrav får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærar. Datoen for nytt arbeidskrav må vere gjeldande i aktuelt semester til gitt frist, men seinast tre veker før eksamen tek til.
Vurderingsform
Sluttvurderinga er ei mappe med resultata frå dei to obligatoriske arbeidskrava.
- Ei skriftleg oppgåve i eit didaktisk tema, 3000 ord (+/-10%).
- Eit refleksjonsnotat med utgangpunkt i framlegget av tematekst og tilbakemeldingane på framlegget, 1000 ord (+/-10%).
Dersom mappa manglar eit av desse elementa, vert mappa vurdert til «ikkje levert»/«ikkje møtt». Ved ikkje bestått mappe, skal det leverast ei omarbeida mappe til ny eksamen i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tillate hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel