Hopp til innhald

MSB201 Vitenskapeleg forskningsmetode

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette emnet blir innleidd med ein introduksjon til kva eigenskapar og status kunnskap har - i samfunnet generelt og i marknadsføringsforsking spesielt. Etter denne fasen går ein vidare inn på korleis ein kan tilnærme seg ulike typar kunnskap gjennom ulike metodiske tilnærmingar og metodar. Studentane vil deretter få eksperimentere med ulike tilnærmingsmåtar og bruke denne læringa til å utforme ei skisse til forskingsprosjekt i samband med masteroppgåva si. Studentane vil få erfaring med korleis ein rapporterer, gjennomfører analyse og formidlar forskingsresultat. Emnet vil gi studentane personleg erfaring med metodar for datainnsamling, analyse og tolking. Det er forventa at studentane deltek aktivt med presentasjonar og i diskusjonar.  

Hovudmål  

  • å orientere studentane mot ontologiske og epistemologiske posisjonar innanfor forskingsfilosofi.
  • å gi studentane ei god forståing av akademisk og praktisk forsking. 
  • å gi studentane dei praktiske verktøya og ferdigheitene dei treng for å gjennomføre forskinga og presentere resultata.

 

Dette kurset tek føre seg følgjande tema:

  • Forstå den vitskaplege tilnærminga til forsking og dei ulike stega i forskingsprosessen
  • Planlegge eit forskingsarbeid  - frå idestadiet til formulering av hypotesar
  • Metodologiske tilnærmingar og datainnsamlingsmetodar
  • Etikk i forskinga
  • Utvals- og målemetodar
  • Kvantitative undersøkingar, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Analyse og tolking av kvantitative data
  • Kvalitative undersøkingar, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Analyse og tolking av kvalitative data
  • Metodetriangulering, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Eksperimentelle metodar: Utforma eksperimentelle forskingsdesign og prosedyrar for å kunne utføre eit eksperiment
  • Skrive ein forskingsrapport

Læringsutbytte

Etter avslutta emne vil studenten 

  • ha avansert kunnskap om hovudprinsippa for forskingsdesign, relevante metodar for datainnsamling og tolking av statistisk analyse. 
  • ha avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative forskingsstrategiar.  
  • ha grundig kunnskap om korleis ein førebur, set opp og skriv ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. 
  • kunne analysere akademiske problem innanfor marknadsføring og innovasjon.  

  

Etter avslutta emne kan studenten 

  • leggje fram ein epistemologisk og ontologisk argumentasjon om kva status kunnskap har, og kor truverdig han er, i bestemte kontekstar.
  • analysere litteratur for å gjennomføre/skrive ein litteraturgjennomgang. 
  • grunngi kva som er eigna forskingsdesign i forskingsprosjekt. 
  • gjennomføre datainnsamling ved bruk av kritisk forskingsmetodikk. 
  • gjennomføre analysar ved hjelp av kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
  • tolke resultat frå statistisk analyse. 
  • gjennomføre ein balansert kritikk av datagrunnlaget. 
  • setje i gang, utvikle og fullføre eit vitskapleg forskingsprosjekt innanfor marknadsføring og innovasjon. 

  

Etter avslutta emne kan studenten 

  • lese, kritisere, forske, skrive og bruke kunnskap som er publisert i vitskapleg litteratur 
  • delta i forskingsprosjekt av større skala.
  • delta i konsulentarbeid om marknadsføringsstrategiar, innovasjonsnettverk og forbrukarval. 
  • formidle relevante emne til både spesialistar og ikkje-spesialistar.
  • analysere relevante etiske problem i forskinga.

Krav til forkunnskapar

Opptak på Master of Science in Business og spesialisering i marknadsføring og innovasjon 

Tilrådde forkunnskapar

Greidd introduksjonsemnet i MSB 101 Marknadsteori og praksis 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga omfattar førelesingar og seminar. Det er tilrådd at studentane deltek aktivt i seminara. Sjølvstudium og deltaking i organiserte seminar utgjer viktige delar av emnet. Sjølvstudium er viktig for å få utbyte av litteraturen og oppgåvene i emnet. I tillegg kjem dei tradisjonelle førelesingane og arbeidet med døme i eit meir praktisk perspektiv. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet omfattar to skriftlege oppgåver og éin munnleg presentasjon. Krava blir gjennomførte i grupper på inntil tre personar. Ein må bestå arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnader om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg.

Vurderingsform

Eksamen i to delar: 

  1. Individuell skriftleg eksamen, 4 timar (50 % av sluttvurderinga). 
  2. Éi semesteroppgåve (50 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på maksimalt tre personar.  

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg eksamen: ingen hjelpemiddel. 

Semesteroppgåve: alt skriftleg og trykt materiell er tillate.

Meir om hjelpemiddel