Hopp til innhald

NYB801 Nyskaping og berekraft

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dei nye læreplanane som blei innført hausten 2020 er berekraftig utvikling eit av tre tverrfaglege tema samstundes som det er eit auka fokus på at elevane skal få skape og utforske. Dette emnet vil gje ein introduksjon til måtar å jobbe med berekraft som tverrfagleg tema i skulen med fokus på Ungt Entreprenørskap og utforskande undervisning. Nyskaping og kreative prosessar vil inngå som ein viktig del av emnet og vil mellom anna bli introdusert i praksis gjennom Ungt Entreprenørskap sine program. Studentane skal i løpet av emnet få betre forståing for omgrep knytt til entreprenørskap, verdiskaping og berekraft samt utvikle samarbeid med næringsliv i eige lokalmiljø.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan entreprenørskap, verdiskaping, berekraft, innovasjon og kreativitet
  • har kunnskap om tverrfaglege aspekt ved berekraftig utvikling og FN sine berekraftmål
  • har kunnskap om bruk av Ungt Entreprenørskap og næringsliv i eige lokalmiljø til undervising i berekraftig utvikling
  • har kunnskap om korleis ein kan stimulere elevane si utforsking gjennom praktisk arbeid

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for entreprenørielle læringsformer
  • kan bruke Ungt Entreprenørskap sine program til å arbeide tverrfagleg med berekraft
  • kan bruke elevaktiv læring i arbeid med berekraftig utvikling
  • kan gjennomføre kreative prosessar i eigen undervisningspraksis

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre undervisning i berekraftig utvikling i samsvar med gjeldande læreplan
  • kan bidra til skapande og utforskande prosessar i undervisning
  • kan utvikle samarbeid med lokalt næringsliv til bruk i undervisning
  • kan bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet gjennom å dela erfaringar i faglege nettverk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vera samlingsbasert. Det er lagt opp til 2 fysiske samlingar som går over 2 dagar. Mellom samlingane vil det vera kortare økter med digital undervisning. I undervisninga vil det bli nytta varierte arbeidsformer som førelesing, gruppeoppgåver, gjesteførelesingar, individuelle innleveringar, refleksjonar og individuell rettleiing. Undervisninga vil ha fokus på praktisk arbeid og kreative arbeidsprosessar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatoriske læringsaktivitetar på samlingane
  • Gjennomføre innovasjonskamp i samarbeid med Ungt Entreprenørskap med fokus på berekraft
  • Planlegge utforskande undervisning og knytte det opp mot berekraft og lokalt næringsliv
  • Digital dokumentasjon av samarbeid med lokalt næringsliv der studenten reflekterer over eiga læring og korleis ein vil bruke dette vidare

Semesterplanen vil gje nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrav må vera gjennomførte til fastsette fristar og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel