Hopp til innhald

PL416 Landskapsanalyse

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Introduksjon av omgrepet landskap og kunnskap om landskapskonvensjonen. Analyse av eit landskap etter metoden til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Dette inneber registrering av naturtilhøve, inkludert geologi, terreng, klima og vegetasjon, samt arealbruk og busetnad, historiske tilhøve, kulturelle referansar og visuelle tilhøve, og bruk av dette til å fastsetje landskapskarakter og verdien til landskapet. Vidare vurderer ein konsekvens av ulike tiltak på landskapskarakter.

Læringsutbytte

Studenten skal:

  • kjenne ulike bruksmåtar av ordet landskap.
  • kjenne til landskapskonvensjonen.
  • forstå betydninga av landskapskarakterar og landskapet sin verdi.

Studenten skal:

  • kunne samle informasjon om landskapet gjennom eigne observasjonar, innhente informasjon frå ulike kjelder, og trekke ut relevant informasjon.
  • kunne legge fram ein analyse skriftleg og visuelt (med bruk av kart og bilete), samt forklare den munnleg.

Studenten skal:

  • kunne gjennomføre ein heilskapleg analyse av eit landskap, kor landskapskarakter og landskapet sin verdi vert bestemt ut frå eigenskapar ved staden.
  • kunne drøfte problem med objektivitet i analyse av landskapet.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Lærarassistert arbeid med landskapsanalyse av eit konkret område (i grupper). Eiga innsamling av informasjon frå skriftlege og munnlege kjelder, og observasjonar i felt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent individuell skriftleg innlevering av første tema i fase II av landskapsanalysen

Deltaking i 1-2 synfaringar i analyseområdet 

Vurderingsform

Skriftleg prosjektoppgåve i grupper på 3-4 studentar. 

Ved stryk og forbetring av karakter, må ny oppgåve løysast. 

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL416 - Landskapsanalyse. Landskapslære 1 - Reduksjon: 10 studiepoeng