Hopp til innhald

RE6-1005 Vertskap & service

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Vertskap er kunsten å få andre til å føle seg velkommen. Dette emnet tek føre seg rolla som vertskap , enten du skal drive ein overnattingsstad, ein kafé eller restaurant, ein attraksjon eller ei opplevingsbedrift, eller andre typar bedrifter.

Emnet tek føre seg omgrepet service, serviceleveransen, «sanningas øyeblikk» og kommunikasjon. Dette skal gje innsikt i moglegheiter og utfordringar i tenestebedrifter og korleis handtere moglege konfliktar. Vidare blir det fokus på servicekvalitet både frå eit kundeperspektiv og eit bedriftsperspektiv.

Å vere vertskap er samhandling mellom vertskap og gjest, og emnet gjev kunnskap i det å vere ein god vert, moglegheiter og utfordringar som vertskap i bedrifter, på destinasjonsnivå samt i krisetider.

I reiselivsnæringa møtes gjester og tilsette frå land i heile verda. Faktorar som kultur og kulturforståing påverkar serviceleveransen og kunnskap kring dette blir ein sentral del.

IUlike undervisningsformer og i  tillegg til rollespel og ulike læringsformer blir det bedriftsbesøk og studentane får tilbod om studietur til Lærdal og Flåm.

Emnet skal førebu studentane  til praksis i reiselivet og andre fordjupingsemne seinare i studiet.  

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

  • Ha brei kunnskap om sentrale problemstillingar, tema, teoriar, metodar og verktøy innan vertskap og service.
  • Tileigne seg kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan vertskap og service, servicekvalitet og generell drift av reiselivsbedrifter.
  • Tileigne seg kunnskap om historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til vertskap og service. 
  • innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • Bruke fagleg kunnskap og teori på praktiske problemstillingar og løyse desse på best mogleg måte i ein servicesituasjon
  • Reflektere over eigen fagleg gjennomføring og justere denne i høve rettleiing.
  • Finne, vurderer og vise til informasjon og fagstoff som tek opp og løyser problemstillingar innan vertskap og service og generell drift av ei reiselivsbedrift.
  • Beherske relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan service

Generell kompetanse

- Studenten skal kunne reflekter over kva som er kundane sine forvetningar til sevice og deira toleranse, kva kundane oppfattar som service og kva som er kundetilfredsheit.

Studenten skal kunne reflektere over korleis ein bygger kunderelasjonar og utvikle god servicekultur og gode servicemedarbeidarar. 

Studenten skal kunne reflektere over maktforholdet mellom kunde og bedrift i høve anmeldelsar og rangeringar i digitale kanaler. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid, feltarbeid, bedriftsbesøk, sjølvstendig arbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav 

Vurderingsform

Heimeeksamen i gruppe (3-4 stk). 1 veke

Karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel