Hopp til innhald

SA523 Bacheloroppgåve i historie

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studenten skal forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt anten i 1) eit lokal- eller regionalhistorisk emne frå eldre eller nyare tid, 2) eit didaktisk emne som kan vere knytt til skulefaget historie/samfunnsfag eller annan historiebruk i samfunnet, 3) museums-/arkivverksemd, eller 4) eit nasjonalt eller internasjonalt perspektiv.

Oppgåva skal vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar. Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ...

  • har god kunnskap i historisk metode
  • har inngåande kunnskap om eit avgrensa historisk tema
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan forme ut og arbeide med ei historiefagleg problemstilling
  • kan finne fram til og arbeide med ulike typar kjeldemateriale
  • kan søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • kan meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid som oppfyller historievitskaplege teoretiske og metodiske krav til kjeldeinnhenting, analyse og kontekstualisering, dokumentasjon og framstillingsform

Krav til forkunnskapar

1) Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor i historie eller årsstudium i historie.

2) Avlagd eksamen i minst eitt fordjupingsemne i historie (SA604, SA608, SA609, SA610, SA611, SA572 eller tilsvarande).

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på ca. 7500 ord. Det blir gjeve rettleiing av faglærar og halde oppstartseminar. I tillegg kan det vere aktuelt med anna seminarundervisning.

Nettstudentar deltek på videokonferanse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal tidleg i semesteret levere inn problemstilling og ei kort skisse til oppgåva i tråd med spesifikasjonar og fristar gjeve av faglærar. Det er mogleg å endre tema etter at fyrste skisse er levert og godkjend, men då må ny problemstilling/skisse leverast til ny godkjenning.

Vurderingsform

Det er to deleksamenar på emnet:

1) Bacheloroppgåve (ca 7500 ord). 

2) Justerande munnleg eksamen (30 minutt)

Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til justerande munnleg eksamen. Studenten kan få vite førebels karakter på bacheloroppgåva før munnleg om han/ho ønskjer det. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg. Karakteren kan justeres med inntil ein karakter.  Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må heile eksamen takast opp att.

Ved stryk på det skriftlege arbeidet (kontinuasjon): Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing.  Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Bacheloroppgåva: alle hjelpemiddel.

Justerande munnleg eksamen: si eiga bacheloroppgåve.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA523 - Prosjektoppgåve - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SA523 - Fordjupingsoppgåve i historie - Reduksjon: 15 studiepoeng