Hopp til innhald

SA607 Historiefagleg kommunikasjon

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet har som føremål å få studentane til å skrive om bacheloroppgåva til ein fagartikkel, ein kronikk eller eit anna produkt som kan publiserast i eit eigna medium i papirformat (tidsskrift, avis) eller på ei publiseringsteneste på Internett. Alternativt kan studenten halde eit føredrag på eit seminar som blir arrangert i samband med eksamen. Emnet skal tene til å utvikle medvitet om kva som skil ein rein fagtekst (bacheloroppgåva) frå ein tekst som har ei breiare målgruppe i sikte, t.d. lesarar av eit lokalhistorisk tidsskrift.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ....

  • kan gjere greie for sjangeren fagartikkel i historie

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan skrive ein kortare populært innretta fagartikkel eller halde eit føredrag om eit historisk emne basert på bacheloroppgåva

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan skrive ein fagtekst om eit historisk tema med vekt på formidlingsaspektet og etter vitskaplege kriterium

Krav til forkunnskapar

Bacheloroppgåve i historie (SA523) må vere innlevert til eksamen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Seminarundervisning og individuell rettleiing. Nettstudentar deltek på videokonferanse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Oppgåve (individuell). Oppgåva skal vere eit publiseringsklart produkt som kan sendast til ein aktuell utgjevar, eller framføring av eit føredrag (sjå utdjuping under "Innhald og oppbygging").

Vurdering: Greidd/ikkje greidd.

Ved ikkje greidd leverer ein forbetra versjon av produktet påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel