Hopp til innhald

STM101 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barn si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for barn sin leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om barn sitt språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur. På den andre sida handlar det om barn si matematiske meiningsskaping, kreative undring, leik og problemløysing. Andre sentrale emne er barn si omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skole.  

Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barn sin leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren er sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barn si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.  

Kunnskapsbasen bygger på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om barn si matematiske utvikling, spesielt innanfor tall-, form- og romforståing, også i fleirkulturelle perspektiv  
  • har kunnskap om barn si språkutvikling, munnleg og skriftleg språkbruk og språkvanskar, også i fleirspråklege perspektiv  
  • har kunnskap om barn si problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling  
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske  
  • har grunnleggande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barn sine teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling  
  • Kunnskap om norsk- og matematikkfaglege emne som kan gi grunnlag for god lese/skrive/rekne-kompetansar i skulen 

Ferdigheter 

Studenten

  • kan observere, vurdere, legge til rette for og støtte barns språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen
  • er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremmer barn si aktive deltaking, utvikling og danning 
  • kan leggje til rette for eit inkluderande og variert lekemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing  
  • kan legge til rette for kvalitet og mangfald i barn sine tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv 
  • kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til språk, tekst og matematikk 
  • kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barn sine språklege, tekstlege og matematiske erfaringar 
  • kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.

Studentane må rekna at deler av undervisninga er obligatoriske. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent. 

Dersom obligatoriske læringsaktiviteter blir tilbudt digitalt, skal studentene være synlige i det digitale rommet. Det vil i så fall ikke bli gjort opptak av undervisningen. I de tilfellene der opptak er aktuelt vil studentene få beskjed om dette og kan skru av sine kamera dersom de ønsker det.

Praksis vil fokusere på studenten si leiing av seg sjølv og av barn. Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barn sin leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise leiareigenskapar i møte med praksisbarnehagen og reflektere over leiarrolla i møte med barn og barnegruppa
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barn sin veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
  • vise evne til å vere profesjonell og oppfylle gitte normer, reglar og lover i arbeidslivet
  • vise ferdigheitsmåla som ligg til emnet.

Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre arbeidskrav:  

  • Eit arbeidskrav i matematikk, skriftleg 
  • Eit arbeidskrav i norsk, skriftleg individuelt 
  • Eit tverrfagleg arbeidskrav, munnleg i gruppe.  

Rammeplan for barnehagelærarutdanning slår fast at ein barnehagelærar skal meistre norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Gjennom arbeidskrava i dette emnet skal studenten derfor vise at dei har slik kompetanse i begge målformer.   

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart. 

Tid og stad for eksamen vil bli opplyst på Studentweb og på emnet sine sider på læringsplattforma Canvas.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel