Hopp til innhald

SYKH250 Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gjev brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid. 

Emnet kan innehalde pediatri, svangerskap og barselsomsorg. 

 

  • Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse 
  • Salutogenese og empowerment 
  • Health literacy 
  • Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon 
  • Nasjonale og internasjonale styringsdokument 
  • Kultur og helse i eit globalt perspektiv 
  • Migrasjonshelse 
  • Kultursensitivitet og kommunikasjon 
  • Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk 
  • Vaksinasjon 
  • Livsstil og livsstilsendringar 
  • Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge 
  • Frivillig arbeid 

Arbeidsomfang er rekna til 405 timar. Det er krav om 90 % frammøte. 160 av desse timane er knytt til direkte pasient- og brukarretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar

Studenten…

  • har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
  • har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
  • har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
  • kan samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
  • kan nytte kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelseperspektiv og sikre deira medverknad og rettar - kunnskap
  • kan nytte kunnskap om lærings-, mestrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
  • kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
  • kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
  • kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
  • kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
  • kan nytte kunnskap om helsefremmande, førebyggande og arbeidsinkluderande tiltak

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
  • kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
  • har innsikt i samanhengane mellom helse, utdanning, arbeid og levekår, og kan nytte dette i si tenesteutøving både overfor enkeltpersonar og grupper i samfunnet, for å bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
  • kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P

Tilrådde forkunnskapar

SYK110, SYK200

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande arbeidskrav må vere godkjende før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

1: Deltaking i studiegruppe med framlegg av utkast til prosjektplan, medstudentrespons og rettleiing

2: Godkjend prosjektplan

3: Seminardagar med sentrale tema innan emnet

Vurderingsform

Eksamen består av to delar og begge må vere bestått.

Del 1: 160 timar knytt til direkte pasient - eller brukarretta arbeid. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til 90% deltaking i emne.

Del 2: Prosjektoppgåve, individuelt eller i gruppe, lengd 3500 ord +/- 10%.  

Tid og stad for innlevering av prosjektoppgåva blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk:

Bestått/ ikkje bestått.

Ny eksamen:

Dersom studenten får ikkje bestått på ein av eksamenane må denne takast opp att. Ved ikkje bestått vurdering del 1 vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.

Ved ikkje bestått vurdering på del 2 kan ein levere ein forbetra versjon av prosjektoppgåva ein gong til. Kandidaten har rett på ny rettleiing. Nytt innleveringstidspunkt er saman med neste ordinære innleveringstidspunkt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SYKHB3042 - Sjukepleie og samfunnsvitenskapelige fag 2 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • PRAKHB2105 - Praksisstudier i sjukeheim/institusjon, fokus på langtidssjuke - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • PRAKHB3105 - Praksisstudiar i sjukeheim/institusjon, fokus på langtidssjuke - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • PRAKHB4105 - Praksisstudiar i sjukeheim/institusjon, fokus på langtidssjuke - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • PRAKHB5105 - Praksisstudiar i sjukeheim/institusjon, fokus på langtidssjuke - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • PRAKHB6105 - Praksisstudier i sjukeheim/institusjon, fokus på langtidssjuke - Reduksjon: 3 studiepoeng