Hopp til innhald

FE402 Anvendte øvingar i energiomstilling

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Gjennom ein serie av førelesingar og øvingar, vil studentane danne ei praktisk forståing for ulike former for fornybare energiteknologiformer. Øvingane vert gjennomført i grupper på 2-3 personar, der kvar gruppe skal levere ein rapport for kvar øving.

Dette kurset bygger på teoretisk kunnskap, ferdigheiter og kompetanse oppnådd i FE407, ved å nytte denne teorien til praktiske øvingar representative for dei som studentane kan møte seinare i si akademiske- og/eller arbeidskarriere.

Læringsutbytte

  • Studenten vil utvikle kunnskap om å produsere hydrogengass gjennom elektrolyse, og konvertere hydrogengass til elektrisitet ved bruk av drivstoffceller.
  • Studenten vil utvikle kunnskap om å fastsetje og diskutere potensialet for produksjon av vindenergi.
  • Studenten vil utvikle kunnskap om å fastsetje effektane av vindhastigheit, bladhelling på vindturbinen og vindturbinen sin soliditet i høve energiproduksjon.
  • Studenten vil utvikle kunnskap om å kalkulere direkte solarstråling for ein spesifikk lokalitet og samanlikne dette med både faktisk målte data og kommersielle programvarekalkulasjonar.
  • Studenten vil utvikle kunnskap om å produsere det vanlegaste biodrivstoffet i Europa (RME-biodiesel), og fastsetje eventuelle miljøpåverknader av denne produksjonen.
  • Studenten vil utvikle kunnskap om dei viktigaste parametrane for vasskraftproduksjon.

  • Studenten vil kunne bruke og montere vitskapleg utstyr ved gjennomføring av laboratorieøvingar.
  • Studenten vil kunne måle, registrere og tolke resultat på ein systematisk, konsis og tydeleg måte.
  • Studenten vil ha oversikt over og kunne fylgje helse- og sikkerheitsreglar.
  • Studenten vil kunne rapportere og kommunisere komplekse prosedyrar og resultat til eit breitt publikum.
  • Studenten vil kunne arbeide i grupper (lagarbeid).

  • Studenten vil kunne dei grunnleggande prinsippa innan kjemi, fysikk og biologi som er relevante for fylgjande teknologiar; biodrivstoff, solarenergi, vindenergi, vindressursar , elektrolyse og drivstoffceller.
  • Studenten vil kunne førebu og gjennomføre vitenskapelige øvinger og rapportere og diskutere resultat og konklusjonar på vitskapleg vis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FE405 og FE407

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Mappevurdering 

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått

Mappa består av:

  • Fem gruppebaserte prosjektoppgåver med grupper på 2-3 studentar, omfang: minimum 2000 ord for kvar innlevering (ekskludert referanseliste). 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel