Hopp til innhald

FE405 Grunnleggjande energikonsept

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kurset startar med ei innføring i nasjonal- og global energiproduksjon og -bruk. Deretter vert det gjeve ei oversikt over ressursgrunnlaget for fornybare og ikkje-fornybare energiressursar samt ei innføring i berekraftig utvikling, klima og miljø. Kurset gir vidare ei innføring i oppbygging av energisystemet, systemet sine tekniske komponentar og dei konsekvensar energisystemet har for samfunn og miljø.

Hovudmålet med emnet er å kjenna til oppbygginga av energisystemet, ha innsikt i tekniske løysingar med hovudvekt på fornybar energi, samt kjenna til dei viktigaste miljømessige konsekvensane ved produksjon- og bruk av energi.

Læringsutbytte

  • Studenten vil utvikla kunnskap om global og nasjonal energiproduksjon og bruk.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om globalt og nasjonalt ressursgrunnlag for fornybar og ikkje-fornybar energi.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om oppbygging av energisystemet.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om dei tekniske løysingane i energisystemet med hovudvekt på fornybar energi.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om dei verknadane energiteknologiar og -system har på klima og miljø.

  • Studenten vil kunna gjera greie for dei teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensane av produksjon og bruk av fornybar energi.

  • Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike fornybare energiteknologiar sin status og mogning.
  • Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike teknologier sine konsekvenser for samfunn og miljø.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MA415

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gjesteforelesningar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Seks (6) skriftlege oppgåver knytt til emnet sitt tema. Seks av seks oppgåver må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)

Meir om hjelpemiddel