Hopp til innhald

SAB310 Samfunnsarbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg  kunnskap om og ferdigheiter i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid byggjer på dialog og deltaking og er ein planlagd prosess for endringsarbeid. Fokus er retta mot korleis profesjonelle aktørar kan samhandle med ei gruppe, eit fellesskap eller eit lokalsamfunn som ynskjer å bruke eigne ressursar for å løyse problem, og å nå mål dei sjølv har sett seg.

I samfunnsarbeid står individuell og kollektiv bevisstgjering sentralt. I emnet blir sosialt arbeid på mikro- og makronivå integrert for å løyse samfunnsmessige utfordringar. I dette inngår òg organisasjonsteori. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, samskaping og innovasjon.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag som rettar seg mot grupper og samfunnsnivå.
  • har brei kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i ein samfunnsmessig samanheng.
  • har kunnskap om kva levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og sosial  deltaking har å seie i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn.
  • har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse, levekår og  kunnskap om strukturelle vilkår for sosial deltaking.
  • har kunnskap samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
  • har kunnskap om vilkår for meistring og utvikling.
  • har kunnskap om sentral lovgjeving innan plan og folkehelseområdet.
  • har kunnskap om førebygging, helsefremming og folkehelse, og forstår samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem på individ, familie og samfunnsnivå.
  • har kunnskap om sentrale problemområde  som kan bidra til marginalisering og utanforskap.
  • er kjend med menneskerettar og sentrale konvensjonar.
  • er kjend med kunnskapsutviklinga innan samfunnsarbeid og  profesjonens samfunnsansvar.
  • er kjend med ulike metodar innan samfunnsarbeid og kunne vurdera fordelar og ulemper med desse.
  • er kjend med forskings- og utviklingsarbeid innan samfunnsarbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
  • kan finna, vurdera og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan vurdere vitskapleg kunnskap og politiske rammevilkår  i  ein samfunnsarbeidskontekst.
  • kan reflektera over korleis kunnskap kan nyttast på nye områder og bidra til nytenking og innovasjon.
  • kan meistre metodar i samfunnsarbeid som fremjar makt, innflytelse, deltaking, representasjon og ved hjelp av ulike deltakardemokratiske metodar.
  • kan tileigne seg ny kunnskap og ta faglege vurderingar, avgjerder og handle i tråd med samfunnsarbeids. praksis
  • kan dokumentere og formidle eigen fagleg praksis i prosjektarbeid.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
  • har innsikt i forhold som bidreg til ulikskap, og kan fremje sosial rettferd saman med menneske i utsette posisjoner.
  • har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med menneske.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle.
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
  • kan formidla faget og utveksla synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar.
  • kan formidle fagleg kunnskap som fremjar likeverd og mangfald og bidreg til likestilling, inkludering, meistring og deltaking.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og tredje semester (SAB210, SAB220) må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar 

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive læringsformer vektlagd, slik som;   gruppearbeid, praktisk øving, seminar, digitale ressursar i Canvas, feltarbeid, framlegging av prosjektplan og opponentskap. Andre læringsformer er ekskursjon og førelesingar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Kvar einskild gruppe presenterer ein skriftleg prosjektplan for klassen og er opponent for ei anna gruppe sin presentasjon.

Godkjent læringsaktivitetar er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen
Individuell skriftleg heimeeksamen, over 5 dagar. Omfang: 3500 ord +/- 10%.

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.  

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-204 - Sosialt arbeid - normalitet og avvik - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO212 - Samfunnsarbeid med fokus på barn og unge - Reduksjon: 15 studiepoeng