HSPED801 Innføring i universitetspedagogikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. Emnet gir ei innføring i feltet høgskulepedagogikk. Studiet har ein kritisk reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.
For dei som tek emnet for å dokumentera utdanningsfagleg kompetanse vil oppgåvene frå Innføringsemnet kunne nyttast i den pedagogiske mappa
Læringsutbytte
Kunnskap
Gjennom å delta i emnet skal deltakarane
- Ha kunnskap om innhald og rammer for høgskulepedagogikk som fag- og vitskapsfelt ved Høgskulen på Vestlandet
- Kjenne til ulike teoretiske perspektiv på kunnskap, læring og vurdering
- Ha kunnskap om faktorar som kan påverke læringsmiljøet i høgare utdanning
- Kjenne til mogleikar og utfordringar knytt til bruk av teknologi i læringsarbeidet i høgare utdanning
Ferdigheiter
Gjennom å delta i emnet skal deltakarane kunne
- Planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervisning i tråd med retningslinene i kvalifikasjonsrammeverket
- Rettleie studentar og kollegaer i læringsarbeidet
- Vurdere studentane si læring
Generell kompetanse
Gjennom å delta i emnet skal deltakarane kunne
- Ha eit profesjonelt og yrkesetisk medvit til eiga rolle som underviser og del av høgskulen sitt faglege og kollegiale fellesskap
- Ha ei kritisk og analytisk haldning til planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og andre si undervisning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på kollegarettleiing
- Deltaking på samlingane
Vurderingsform
Ei skriftleg oppgåve, ca. 2000 ord.
Karakter bestått/ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel