Hopp til innhald

KAS530 Prosjektplan

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Studenten skal i løpet av emnet utarbeide ein prosjektplan for masteroppgåva og delta på seminar med diskusjon av eigen prosjektplan og andre studentar sine. Prosjektplanen dannar grunnlag for masteroppgåva. Emnet omhandlar korleis prosjektplanen for masteroppgåva skal utformast, og kva han skal innehalde. Emnet gir trening i å skildre, leggje fram og diskutere eit tema og ei problemstilling. Emnet gir også ei innføring i prosessen med å sende søknader til regionale komitear for forskingsetikk, Norsk senter for forskingsdata og personvernombodet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • kan planleggje og utvikle sitt eige forskingsprosjekt.
  • har inngåande kunnskap om forskingsfelt sitt.
  • har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking.

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan tenkje logisk og systematisk om tema som er relevante for forskingsprosjektet.
  • kan meistre prosjektplanformatet.
  • kan bruke etiske prinsipp og relevante forskingsetiske retningslinjer i sin eigen prosjektplan.
  • kan bruke lovverket om personvern i samband med prosjektutvikling, datainnsamling og datalagring.

Generell kompetanse: Studenten …

  • kan diskutere utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar og -metodar.
  • vurderer overføringsverdien til forskingsarbeidet.
  • gjere avvegingar når det gjeld forskingsetiske spørsmål i helsefagleg forsking.

Krav til forkunnskapar

MAMET1SKA

Undervisnings- og læringsformer

Emnet omfattar forelesingar, sjølvstudium og rettleiing. Studentane skal delta på digitale seminar og seminar med fysisk oppmøte med innlegg og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90 % deltaking på studentaktiv undervisning og seminar

Obligatoriske læringsaktivitetar er teljande i tre påfølgjande semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Oppgåve Oppgåve i form av ei prosjektplan på inntil 2000 ord, individuelt eller i par. Studentar som skriv  felles prosjektplan, må også skrive felles masteroppgåve.

 I løpet av arbeidet med prosjektplanen har studenten/-ane krav på inntil tre timar rettleiing, individuelt eller i gruppe. Rettleiing kan gjerast i gruppe.

Vurderingsuttrykk Bestått / ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått eksamen, skal studentane levere ein omarbeidd versjon av prosjektplanen til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel