MDIP501D Andre- og framandspråkslæring i norsk skule og opplæring
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Dette emnet gir avansert innsikt i andre- og framandspråkslæring og omfattar tre sentrale tema: andre- og framandspråkslæring, andre- og framandspråkundervising og vurdering av språkferdigheiter.
Temaet andre- og framandspråkslæring omfattar teoriar og metodar i forsking på korleis barn, unge og vaksne lærer eit nytt språk etter at dei har etablert et førstespråk, med særleg fokus på læring av norsk som andrespråk og engelsk som framandspråk. Temaet tar opp sentrale emne som innlærarspråk, morsmålets rolle i innlæringa (transfer), og faktorane innputt, utputt og interaksjon, motivasjon og identitet. Som del av dette temaet gir emnet òg innsikt i språket som system og metodar for samanlikning av språk på systemnivå.
Under temaet andre- og framandspråksundervising vil didaktiske spørsmål bli diskutert. Søkelyset er retta mot undervising av både reseptive (lese og lytte) og produktive (snakke og skrive) ferdigheiter, og vi vil fokusere på utfordringar knytte til ordlæring, uttale, grammatikk og pragmatikk. Sentralt under dette temaet er spørsmålet om korleis vi kan legge til rette for god undervising for alle elevane i det fleirspråklege klasserommet, og korleis ein kan løfte fleirspråklegheit fram som ein ressurs for både minoritetsspråklege og majoritetsspråklege elevar, for eksempel ved å legge rette for språksamanlikning som kan styrke det metaspråklege medvitet til alle elevane. Her gir emnet òg innsikt i den potensielle nytten minoritetsspråklege elevar kan ha av å lære to språk i nær slekt (norsk og engelsk) samtidig. Temaet gir grunnlag for ei kritisk vurdering av læreplanmål relatert til språklæring og fleirspråklegheit. Temaet trekker også inn skjønnlitteratur og litterær samtale som del av andrespråksundervisinga.
Det tredje temaet, vurdering av språkferdigheiter, handlar om vurdering og kartlegging av elevars ferdigheiter i norsk og engelsk. Kva som kjenneteiknar ein god prøve, er sentralt i emnet, og emnet gir ei innføring i det teoretiske grunnlaget for utvikling og kvalitetssikring av prøvar på den eine sida, og prinsipp for praktisk utvikling av gode prøvar, på den andre. Emnet tar også for seg testetiske problemstillingar knytt til vurdering av barn, og korleis ulike prøvar blir brukte, og misbrukte, i samfunnet, og moglege konsekvensar av prøvar på individ og samfunn på kort og lang sikt.
Sentrale undervisningsemne:
- Andre- og framandspråkslæring
- Andre- og framandspråksundervisning
- Vurdering av språkferdigheiter
- Fleirspråklegheit
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om språklæring og ulike teoriar om andre- og framandspråkslæring
- har avansert kunnskap om norsk som andrespråk og engelsk som framandspråk
- har inngåande kunnskap om metodar nytta i andre- og framandspråksforsking
- har inngåande kunnskap om språket som system, språktypologi og språksamanlikning
- har avanserte kunnskapar vurdering av språkferdigheiter
- har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs
- har inngåande innsikt i didaktiske spørsmål knytt til språklæring
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke teori og metode sjølvstendig i masteroppgåva
- kan drøfte ulike sider ved andre- og framandspråkslæring, andre- og framandspråkundervisning, fleirspråklegheit, og vurdering av språkferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kring didaktiske implikasjonar av fagstoffet
- kan kritisk vurdere korleis ulike faktorar gir ulike vilkår for andre- og framandspråkslæring.
- kjenner til overordna perspektiv til andre- og framandspråkstileigning, andre- og framandspråksundervising, fleirspråklegheit og vurdering av språkferdigheiter, og kan vurdera og drøfta ulike faglege tilnærmingar kritisk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er grunnutdanning i norsk, engelsk eller eit anna språkfag.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Undervisningsspråk er norsk eller engelsk. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av lesing, arbeid med tekstar og deltaking i diskusjonar. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeid (800 ord) som skisserer korleis studenten vel føreslå å legge opp eit forskingsarbeid eller tenkt prosjekt (ikkje nødvendigvis det same temaet ein seinare skal skrive masteroppgåve om). Oppgåveformuleringa blir gitt tidleg i semesteret.
Den obligatoriske læringsaktiviteten må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktiviteter får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningsliner for læringsaktiviteten gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Heimeeksamen over 5 dagar. Studenten skal skrive ei oppgåve på om lag 3000 ord.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel