Hopp til innhald

MSB103 Forbrukaradferd

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet er utforma for å setje studentane i stand til å forstå kvifor folk kjøper det dei kjøper, og kva som påverkar forbruket deira. Forbruk er ein så stor del av samfunnet at vi ofte er ubevisste på kor stor innverknad det har på livet vårt. I dette emnet ser vi på forbrukaråtferd gjennom ein sosialpsykologisk tilnærmingsmåte, med døme frå marknadsføring og forbrukarforsking, og vi utforskar dei potensielt komplementære erfaringane til enkeltforbrukaren, forbrukskultur og marknadsføring.     

Emnet dekkjer følgjande tema:

  • Menneske som forbrukarar: Framveksten og utviklinga av forbrukarsamfunnet og -kulturen
  • Konsumenten si avgjerdstaking: Val og forbruk av produkt
  • Innovasjon og digitale teknologier
  • Samtidsmodellar for forbrukaråtferd 
  • Oppfatningar, læring, og kognisjon 
  • Motivasjon, personlegdom, livsstilar og verdiar
  • Sjølvet, sjølvbilete og det utvida sjølvet
  • Haldningar og overtydande kommunikasjon
  • Kva inntekt og sosial klasse har å seie
  • Påverknad fra familie, grupper, sosialt miljo og sosiale medium
  • Etisk og Grønn forbrukerisme
  • Kva innverknad kulturen har på forbrukaråtferd og subkulturelt forbruk

Læringsutbytte

Kunnskap 

Etter avslutta emne vil studenten 

  • ha avansert kunnskap om marknadsføring og spesialisert innsikt i forbruk i samfunnet, prosessane med spreiing av nyskapingar og relatert forbrukaråtferd   
  • kunne ta i bruk forbrukarteori på nye område innanfor marknadsføring og økonomi  
  • ha djupnekunnskap om kva faktorar som påverkar forbrukaråtferd i ulike tilfelle, kontekstar og samanhengar. 
  • kunne analysere problem i marknadsføringsinnovasjon på grunnlag av historie, tradisjonar, særpreg og lokalisering i samfunnet til forbrukaren.

 

Ferdigheiter  

Etter avslutta emne vil studenten 

  • kunne analysere og sjå kritisk på ulike kjelder om forbrukardata og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapleg argumentasjon  
  • kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar på feltet, og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem   
  • ha ei solid forståing av kor viktig forbrukaråtferd er for verksemder, dei som arbeider med marknadsføring, og dei som driv med innovasjon i marknaden 
  • kunne bruke relevante forskingsmetodar og forsking på ein sjølvstendig måte  
  • kunne gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med dei normene for forskingsetikk som gjeld for forbrukaråtferd. 

 

Generell kompetanse  

Etter avslutta emne kan studenten 

  • ta i bruk dagens tenking om forbrukaråtferd 
  • gi råd og rettleiing om kva konsekvensar ulike marknadstaktikkar vil ha i ein bestemt forbrukskontekst 
  • analysere relevante akademiske, profesjonelle og forskingsetiske problem  
  • formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre språket og terminologien på forbrukarforskingsfeltet 
  • kommunisere om akademiske utfordringar, analysar og konklusjonar på feltet, både med spesialistar og eit allment publikum 
  • bidra til ny tenking og innovasjonsprosessar innanfor kritisk forbrukarteori og forbrukaråtferd 

Krav til forkunnskapar

Opptak på Master of Science in Business

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må ha grunnleggjande kunnskap om marknadsføring, som dei har oppnådd gjennom å bestå eit introduksjonsemne i marknadsføring på bachelorprogrammet. 

Undervisnings- og læringsformer

Læringsformene på emnet er ein kombinasjon av forelesingar, problemløysing, diskusjonar om artiklar/døme og øvingar i seminar. Det er forventa at studentane deltek i individuelle presentasjonar og gruppepresentasjonar av litteraturen i emnet, diskusjonar om døme/artiklar og seminar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane vil vere obligatorisk å sende inn to kritiske gjennomgangar av vitenskaplig artiklar frå ulike emneområde. Gjennomgangen skal gjerast i grupper på tre, vil ha bestått / ikkje bestått som vurdering og vil utgjere arbeidskravet «bestått», som er eit krav for å kunne ta slutteksamenen. Studentene vil diskutere innleveringene i seminarer.

Vurderingsform

Evaluering i to delar: 

  1. Individuell skriftleg eksamen, 5 timar (50 % av sluttvurderinga).
  2. Ei semesteroppgåve (50 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på maksimalt tre personar.  

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne for semesteroppgåve.

På skuleeksamen, er det ikkje tillate med hjelpemiddel. 

Meir om hjelpemiddel