Hopp til innhald

NABY0002 Forkurs norsk for nautikk Y-veg

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Dette emnet er eit forkurs for å dekkje tema i norsk på nivå med generell studiekompetanse. Vekta er lagt på god kommunikasjon og kva som kjenneteiknar ein akademisk tekst. Studentane jobbar for ein stor del med skriving, men òg med retorikk, argumentasjon og språket som verktøy for god kommunikasjon, i tillegg til grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar. 

Emnet har obligatorisk oppmøte onsdag, torsdag og fredag i veke 32. Meir informasjon om oppmøte vil bli gitt.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • kjenner til kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon
  • veit kva som kjenneteiknar ein akademisk tekst, og kjenner til prinsippa for god kjeldebruk
  • kan byggje opp eit godt og haldbart argument
  • kjenner til grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan byggje opp og skrive ein tekst innanfor den akademiske sjangeren 
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • meistrar relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer

 

Kompetanse:

Studenten

  • er i stand til å formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar skriftleg
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere ho under rettleiing

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar med studentaktivitetar, gruppearbeid og individuell rettleiing.

Studenten vel anten bokmål eller nynorsk som si målform i faget.

Obligatorisk læringsaktivitet

100 % obligatorisk oppmøte på kursdagane i veke 32.

Éi gjennomført rettleiing på utkast til semesteroppgåve.

Vurderingsform

Semesteroppgåve på inntil 1000 ord. Karakterskala bestått / ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne

Meir om hjelpemiddel