Hopp til innhald

BI434 Vegetasjonsøkologi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei innføring i relevant teori og metode - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Noreg. Emnet bygger på kunnskap om plantemangfaldet i Norge og om viktige kretslaup i naturen, og legg eit grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning av norsk natur.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten har innsikt i planters grunnleggande krav.
  • Studenten kjenner til ulike metodar for innsamling og analyse av vegetasjonsøkologiske data.
  • Studenten kjenner til kva faktorar som er årsak til den regionale vegetasjonsvariasjonen i Noreg.
  • Studenten kjenner til kva faktorar som er årsak til den lokale vegetasjonsvariasjonen i utvalde norske økosystem.
  • Studenten har innsikt i type- og beskrivelsessystemet for naturvariasjon i Norge, Natur i Norge (NiN - nyeste versjon).

Ferdigheiter

  • Studenten beherskar relevante analyseverktøy som t.d. statistikkprogrammet R på vegetasjonsdata.

Generell kompetanse

  • Studenten har innsikt i relevante problemstillingar i faget.
  • Studenten kan planlegge og gjennomføre enkle vegetasjonsøkologiske undersøkelsar.
  • Studenten kan formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på BI-424 Botanikk grunnkurs og BI-445 Økologi. Det er ei føremon med kunnskap i statistikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og feltundervisning

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende arbeidskrav, munnleg og skriftleg, og deltaking på obligatoriske ekskursjonar. Normalt er det tre arbeidskrav, to skriftlege som er individuelle og eit munnleg som er i gruppe, samt fem ekskursjonsdagar.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel