Hopp til innhald

FE404 Matematikk for fornybar energi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

FE404 er det andre emnet i matematikk for graden bachelor i fornybar energi og skal saman med MA415 gi studentane det matematiske grunnlaget dei treng til dei teknologiske emna i graden. I emnet går vi djupare inn i matematiske tema som matematisk modellering, trigonometri, vektorrekning, derivasjon og integrasjon. Emnet gir óg ein introduksjon til differensiallikningar og lineær algebra.

Læringsutbytte

Emnet gir ei fordjuping i korleis ein kan nytte matematikk til å handtere ulike problemstillingar innan fornybar energi.

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap om derivasjon og integrasjon 
  • kunnskap om differensiallikninger og korleis dei beskriv endring
  • kunnskap om lineær algebra og matriser

 

Ferdigheiter

Studenten kan 

  • bruke trigonometri og vektorrekning til å evaluere relevante naturressursar som solinnstråling og vindforhold
  • bruke derivasjon til å undersøke korleis ulike system endrer seg (Funksjonsdrøfting) 
  • gjenkjenne og analysere differensiallikninger 
  • sette opp og løyse lineære likningssystem

 

Kompetanse

Studenten

  • kan analysere og evaluere relevante matematiske modellar innan fornybar energi
  • kan samle inn og evaluere relevant datamateriale

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MA415 Matematikk brukaremne

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, innleveringar og øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein (1) skriftleg innlevering. Innleveringa må være godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • FE400 - Energi, teknologi og miljø - Reduksjon: 6 studiepoeng