Hopp til innhald

FHS8201 Rettleiingspedagogikk med fokus på individnivå

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studentane tileigne seg inngåande forståing for teoriar og metodar for veiledning i praksis, med tverrprofesjonelt og mangfaldsperspektiv. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis er utgangspunkt for refleksjon over erfaringar i veiledning. Sentrale tema er dialog med grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon og relasjon, og etikk i veiledning.  Målgruppa er profesjonsutøvarar innan helse- og sosialfag, med ansvar for veiledning av studentar / kollega. Emnet er samlingsbasert over 5 dager, der 2 er på campus og tre er digitale. Emnet går over eit semester. 

Innføring i veiledningspedagogikk tar utgangspunkt i UHR sine veiledande retningsliner for utdanning og kompetansevurdering av praksisveiledere. Emnet dekkjer teoridelen for fagorganisasjonar sine krav til klinisk godkjenning som veileder. Studiet blir gjennomført i Haugesund, Stord, Bergen og Førde, og kan vere valemne i relevante masterutdanningar ved FHS.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om sentral empiri, teori, omgrep og ulike tradisjonar innan veiledning 
  • har inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i et veiledningsperspektiv 
  • har kunnskap om læring og læringsprosessar i eit veiledningsperspektiv  
  • har inngående kunnskap om veiledar si rolle og funksjon i eit mangfaldsperspektiv i ein fagleg og tverrprofesjonell yrkespraksis 
  • har kunnskap om relevante lover, forskrifter og gjeldande styringsdokument, inkludert forskrift om skikkavurdering 

Ferdigheiter: 
Studenten...

  • kan planleggje og gjennomføre veiledning innanfor eigen profesjon og på tvers av profesjonar 
  • kan leggje til rette for veiledning og læringsaktivitetar i samsvar med praksisperiodar sine læringsutbyte og arbeidskrav 
  • kan observere veiledningssituasjonar og gi læringsfremjande tilbakemeldingar 
  • kan planleggje og gjennomføre samtale for vurdering av måloppnåing, og føreta løpande skikkavurdering 
  • kan analysere og kritisk reflektere over veiledning som pedagogisk tilnærming 
  • kan bruke ulike veiledningsmodellar og metodar, studentaktive læringsformer og digitale læringsverktøy 

Generell kompetanse: 
Studenten...

  • kan kritisk reflektere over, vurdere og grunngje eiga veilederrolle uavhengig av veiledningskontekst 
  • kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i veiledning, og val av handling i utfordrande samtalar 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet krev eigenaktivitet i førekant av samlingar og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Studenten utfordrast til å bruke eigne erfaringar og praksiskunnskap i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt. Undervisninga er samlingsbasert og innlemmer digitale læringsverktøy.  Studentane blir organisert i kollokviegrupper som veileder kvarandre og drøfter veiledningsfaglege tema. HVL nyttar læringsplattformen Canvas. Det må reknast med ein samla arbeidsinnsats tilsvarande 270 timer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført etter oppsett tidsplan, og godkjend før studenten får framstille seg til eksamen: 

  • Obligatorisk deltaking på 5 samlingsdagar.
  • To skriftlege oppgåver på 500-800 ord.
  • Delta i minst 2 kollokviegruppesamlingar med desse tema: 
  • den sjølvvalde vitskapelege artikkelen skal presenterast og diskuterast
  • veilede kvarandre. 
  • Gjennomføre digital diskusjonstråd

Arbeidskrava er gyldige to påfølgjande semester. 

Vurderingsform

Oppgåve
Individuell heimeoppgåve på max. 2000 ord 

Vurderingsuttrykk
Bestått/ ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeida, skriftleg oppgåve til ny eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel