Hopp til innhald

JU5-105 Juridisk metode

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet Juridisk metode tar for seg rettskjeldelæra, som er dei prinsippa, normene og retningslinene som ein må nytte når ein tek stilling til rettsspørsmål. Her vert rettskjeldeprinsippa og dei tilknytta verdiane studert, mens ein i andre fag nyttar rettskjeldeprinsippa i løysinga av juridiske problemstillingar. Emnet sitt hovudfokus er retta mot relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsippa. Det vil også gi forståing av at rettskjeldebilete, og dermed den juridiske argumentasjonen, kan variera mellom ulike rettsområde. 

Emnet byggjer på innføringa i juridiske metode gitt i JU5-100 - Examen facultatum (juridisk forprøve).  

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for rettskjeldelæra, som er dei normene, prinsippa og retningslinene ein nyttar når ein tek stilling til rettslege problemstillingar med serleg vekt på sentrale relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsipp.

 

Ferdigheiter

Studenten kan nytte sine kunnskapar i juridisk metode til å analysere konkrete dommar frå Høgsterett. Til dømes skal studenten kunne vise korleis ein i konkrete dommar har nytta: - prinsippa for lovtolking, - prinsippa for bruk av ulovfesta rett og prinsippa for regeldanning på "lovtomt" område, - prinsippa for korleis ein løyser motstrid mellom rettsreglar.

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha oversyn over den juridiske metoden og gode kunnskapar om sentrale relevans-, slutnings,- og vektprinsipp.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100), Examen philosophicum (SA596), Arve- og familierett (JU5-106), Forvaltningsrett (JU5-104) og Kontraktsrett (JU5-103)

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar (med munnlege framføringar), arbeidsgrupper og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% deltaking på seminar. Inntil 2 øvingsoppgåver (arbeidskrav). Ein kan verte pålagd å utarbeide mindre skriftlege arbeid til seminar. Utelatt førebuing til seminar vert rekna som fråver.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ein kan nytte Lovdata, lovsamling og eigne notatar eller lysark. Det er tillete å sitere relevante rettskjelder i samsvar med god skikk under framlegging av utdelt oppgåve. Under munnleg utspørring kan ein nytte Lovdata og lovsamling, eigne notat og utdrag utarbeidd til framlegget.

Meir om hjelpemiddel