Hopp til innhald

NAB1020 Grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk. Dette kurset er obligatorisk for alle som skal arbeide om bord i skip. Emnet gir ikkje studiepoeng, men blir tilbydd studentar som skal fullføre bachelor i nautikk og seinare løyse sertifikat som dekksoffiser.

Praktisk informasjon:

  • Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar. Kurset har ei avgrensa gyldigheit på fem år. 
  • Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet éin gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil det ikkje vere mogleg å ta kurset på nytt gjennom HVL. 

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Studentane skal kunne gjere greie for korleis ein overlever på sjøen dersom naudssituasjonar har ført til at ein må forlate skipet, grunnleggjande førstehjelp og omsorg for menneske og miljø.  

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunne gjennomføre førebyggande tiltak som minimaliserer risikoen for at brann oppstår, og har innsikt i korleis beredskapen blir organisert for å handtere brann. Dei skal kunne handle hensiktsmessig ved ulukker eller medisinske naudssituasjonar.  

- Generell kompetanse:

Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/1-1, A-VI/1-2, A-VI/1-3 og A-VI/1-4.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha produsert minimum 10 sp i studieprogrammet for å kvalifisere til oppmelding i emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

100 % frammøte på heile kurset. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 1 time. Eksamen er gitt av ekstern kurstilbydar. 

Bestått / ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel