Hopp til innhald

RE6-2009 Event Management 2

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Dette emnet bygger på event 1 og tek studenten vidare inn i den delen av arrangement som handlar om ringverknader av events, derunder

- sosiale ringverknader

- økonomiske ringverknader

- politiske ringverknader 

- miljømessige ringverknader 

Emnet tek føre seg forskning og utvikling innan events og eventledelse. Vidare korleis digitale events påverkar og har påverka næringa post Covid-19 og moglegheiter og trugslar kring digitale events. 

Læringsutbytte

Kunnskap

- At studenten har kunnskap til dei ulike ringverknadane eit event kan ha og kva som kjenneteiknar dei

- Har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan ringverknadar av events og eventledelse

- Kjenner til forsking - og utvikling innan ringverknader av  events

Ferdigheiter

- At studenten kan identifisere og analysere ringverknader av eit event 

- Kan nytte fagleg kunnskap og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og dermed ta val med faglege argument

- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at tek føre seg ei problemstilling innan ringverknader av events

 

Generell kompetanse 

- Kandidaten kan finne, bruke og vise til relevant informasjon og fagstoff om ringverknader av events og framstille dette slik at det tek opp ei problemstilling 

- Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, både åleine og i gruppe

- Kan vurdere og analysere fordeler og ulemper med ulike events på eit reisemål 

- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og munnleg med andre innan same fagområde og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

RE6-2007 Event Management 1

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

RE6-2010 Tematiserte opplevelser & storytelling 

RE6-1001 (tidligere Reisemålsutvikling)  og no Destinasjonsutvikling 

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, gruppearbeid, ekskursjoner, digitale kanaler, bedriftsbesøk med meir

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav 

Vurderingsform

Skriftlig heimeeksamen i gruppe (2-4 stk) ei veke som tel 100%. 

Karakter: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle 

Meir om hjelpemiddel