Hopp til innhald

STMD101 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barna si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for barns leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur, på den andre sida om matematisk meiningsskaping, kreativ undring, problemløysing og leik. Andre sentrale emne er barns omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skule.  

Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barns leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren står sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barna si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.  

Kunnskapsbasen byggjer på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.  

Læringsutbytte

Kunnskap  

Studenten  

  • har kunnskap om barna si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv  
  • har kunnskap om både språkutviklinga til barna og den munnlege og skriftlege språkbruken deira (inkludert språkvanskar), også i fleirspråkleg perspektiv 
  • har kunnskap både om korleis barn utviklar omgrep og løyser problem  
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske  
  • har grunnleggjande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling  
  • har grunnleggjande kunnskap om barn si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling  

 

Ferdigheiter  

Studenten  

  • kan observere, vurdere, leggje til rette for og stø barna si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen  
  • er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremjar barna si aktive deltaking, utvikling og danning  
  • kan leggje til rette for eit inkluderande og variert leikemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing  
  • kan leggje til rette for kvalitet og mangfald i tekstopplevingane og lesefellesskapen til barna, også i eit fleirkulturelt perspektiv  
  • kan rettleie, leie og reflektere kritisk over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen  

 

Generell kompetanse  

Studenten 

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk  
  • kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne dei språklege, tekstlege og matematiske erfaringane til alle barn 
  • kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning, ulike studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. 

Praksis  

Leiing av seg sjølv og barna

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærar-rolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Leiardagane minimum 3 skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden(haust og vår) og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar, som er forankra i  læringsutbyta for emnet: 

  • Ein individuell skriftleg tekst knytt til norskfaglege emne. 
  • Eit utviklingsarbeid  knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg tekst 
  • Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til praksis, munnleg i gruppe 

Rammeplan for barnehagelærarutdanning slår fast at ein barnehagelærar skal meistre norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Gjennom dei obligatoriske læringsaktivitetane i dette emnet skal studentane derfor vise at dei har slik kompetanse i begge språka. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende av faglærar  før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet  ikkje blir godkjend, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjende kan takast på nytt neste semester. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart. 

Tid og stad for eksamen vil bli opplyst på Studentweb og på emnet sine sider på læringsplattforma Canvas.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • STM101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STM1 - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STM1-D - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BKN-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STMA101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng