Hopp til innhald

ØAL111 Inntroduksjon til Logistikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset gir oversikt over funksjonane til logistikken i ei verksemd, og dessutan sentrale utfordringar, målsetjingar og verkemiddel. Det blir fokusert på struktur- og prosessmessige effektiviseringsprosjekt, og det blir gitt trening i å tenke og handle ut frå heilskapsvurderingar, basert på logistiske prinsipp.

Kursets innhaldsmessige hovuddelar kan kort samanfattast som følgjer:

  • Oppbygningen av eit logistikksystem og dets sentrale element
  • Logistikkaktivitetene i ei bedrift
  • Verktøy/verkemiddel for forbetring av logistikken
  • Typiske potensiale og utviklingstrekk innan logistikken

Læringsutbytte

Kurset skal gi studentane:

  • Grunnleggjande kunnskapar om sentrale funksjonar, målsetjingar og verkemiddel innanfor logistikkområdet
  • Innsikt i korleis god logistikk kan bidra til ei verksemds samla marknadsmessige og økonomiske resultat
  • Forståelse for viktigheita av prosessorientering og heilskapstenking i samband med forbetringsarbeid
  • Ferdigheter til å meistra enkle, men viktige verktøy innan logistisk forbetringsarbeid, under dette metodikk for berekning av logistikkostnader
  • Flytkartlegging
  • Etablering av totalkostnadsmodellar for samanlikning av handlingsalternativ
  • Beregning av flytbaserte og økonomiske nøkkeltal til bruk i samband med analyse av nåsituasjon og handlingsalternativ
  • Ledetidsanalyse
  • Verktøy for optimalisering innan behaldningsstyring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Forkunnskapar innan bedriftsøkonomi er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning og oppgåveseminar kombinert med gruppearbeid. Gruppebasert rettleiing etter behov.

Obligatorisk læringsaktivitet

2 gruppebaserte obligatoriske arbeidskrav må vera bestått før eksamen kan takast.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 etterfølgjande semester.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Eksamen kan bli halde på digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle kalkulatormodellar er tillatne, med følgjande unntak

- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikkje kunna behandla symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnettet

- kalkulatoren må ikkje laga støy

Meir om hjelpemiddel