ØKB2113 By- og regionaløkonomi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet startar med å drøfte korleis verksemdene sine lokaliseringsval er avhengig av transportkostnadar, faktorprisar, marknadsstruktur, konkurranse og informasjonstilgang. Som ei naturleg utviding presenteres sentralstadsteorien, og mogelege forklaringar på klyngejr av næringsaktivitet. Arealutnyttinga innanfor eit byområde diskuterest i samanheng med prisgradienter, blant anna med fokus på forhold i boligmarknaden. Det inngår også som ein sentral del av emnet å drøfte korleis ein region påverkest av eksogene sjokk. Dette gjerest blant anna med utgangspunkt i økonomisk baseteori, og ved hjelp av regionale kryssløpsmodellar. Regional arbeidsmarknadsteori og modeller for spatial interaksjon brukest vidare til å analysere geografiske skilnader i lønsvilkår, arbeidsløyse, flyttestraumar og befolkningsutvikling.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har kunnskap om kva forhold som styrer verksemdene sine lokaliseringval
- Kjenner til kvifor det ofte oppstår geografiske klyngjer av næringsaktivitet, og korleis geografier typisk organiserest i ei hierarkisk orden av byer og tettstadar
- Kjenner til teori for korleis ulike aktivitetar typisk opptar ulike område innanfor eit byområde, og korleis dette er knytta til arealprisar
- Har kunnskap om sentrale modellar til å analysere verknadene av eksogene sjokk i ein lokal økonomi.
- Kjenner til sentral teori for regionale arbeidsmarknader og flyttestraumar
Ferdigheiter
Studenten:
- Er i stand til å bruke mikroøkonomisk teori til å forklare tettstedsmønstre, og har ei grunnleggjande forståing for geografiske skilnader i tomte- og boligpriser i ein region
- Kan gjennomføre enkle analysar av kva verknadar ulike sjokk kan ha i ein lokal økonomi. Slike sjokk kan for eksempel vere at ei stor verksemd etablerest, leggjes ned, eller vert relokalisert.
- Kan bidra med enkle analysar for korleis endringar i transport infrastruktur kan påverke verksemdenes lokaliseringsval og tettstedsstrukturen i ein region
- Har ei grunnleggjande forståing for problemstillingar knytta til regionale skilnadar i arbeidsløyse, sysselsetjing og befolkningsutvikling
Generell kompetanse
Studenten:
- Er i stand til å forklare den geografiske fordelinga av økonomisk aktivitet innanfor resonnement som byggjer på generelle likevektssamenhengar
- Behersker samla sett eit fagleg verktøy som gir ei god forståing for sentrale samanhenger i den økonomiske-politiske debatten knytta til by- og regionaløkonomi.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA203 Mikroøkonomi og BØA118 Makroøkonomi eller lignende.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og gruppearbeid med arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innleveringsoppgåve løyst i grupper. Godkjenning av arbeidskravet gjeld berre for gjeldande og påfølgjande semester. Studentar med godkjend arbeidskrav fra tidlegare semestre gjer ein redusert og forenkla variant av årets arbeidskrav.
Vurderingsform
Skriftleg skoleeksamen, 4 timar, 100%
Karakterskala A-F
Eksamen byggjer på pensumboka og arbeidet med årets arbeidskrav.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle kalkulatormodellar er tillate:
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnett
- kalkulatoren må ikkje lage støy
https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/
Meir om hjelpemiddel