BI445 Økologi grunnkurs
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Dette grunnleggande emnet i økologi skal gi ei innføring i faget og bidra til å auke forståinga av den levande naturen. Innføringa skal også bidra til å auka kunnskapen om kva den levande naturen betyr for oss menneske og våre samfunn, men også korleis våre aktivitetar kan påverke den levande naturen. Emnet skal vidare gi grunnlag for å studere andre økologikurs på bachelor- og masternivå. Emnet er strukturert etter læreboka og omhandlar
- Naturhistorie og evolusjon
- Tilpassingar til miljøet
- Populasjonsøkologi
- Økologiske interaksjonar
- Økologiske samfunn og økosystem
- Storskala økologi
I kvar seksjon er målet å belyse grunnleggande økologiske prinsipp og teori saman med dømer som er relevante for ein norsk kontekst, inkludert fokus på ein del miljøutfordringar per tema. Emnet spenner frå grunnleggande til anvendt økologi på tema som er relevante for studentar innan miljøvitskap.
Den praktiske delen av emnet (lab og feltarbeid) skal gi studentane innsikt om grunnlegande forhold i naturen og i det å kunne utføre eigne målingar, datainnsamling og kunne behandle desse.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap i:
- grunnleggande økologi og økologiske prosessar og funksjonar.
- betydninga av biologisk mangfald.
- global endringsøkologi.
- anvendt økologi.
Ferdigheiter
Studenten har ferdigheiter i å:
- bruke økologi for å forstå naturen.
- skrive og bruke terminologi og økologi for å forklare og utforske ulike økologiske fenomen.
- bruke økologisk kunnskap til å løyse grunnleggande og anvendte oppgåver.
Generell kompetanse
Studenten kan:
- formidle økologisk kunnskap, analysar og konklusjonar.
- anvende økologi i naturforvaltning og planlegging.
- forstå betydninga av økologisk kunnskap for å løyse lokale og globale utfordringar i tidsepoken Antropocen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, lab, feltarbeid, kollokviar og anna studentaktiv læring
Obligatorisk læringsaktivitet
Delta på all labaktivitet og få godkjent labrapport
Delta på to dagar med feltarbeid og oppsummering
Vurderingsform
Digital skriftleg heimeeksamen, fleirvalstest (Flowmulti), 4 timar
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Notater og pensumlitteratur
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BI445 - Økologi og evolusjon - Reduksjon: 10 studiepoeng
- BI445 - Generell økologi - Reduksjon: 10 studiepoeng