BØA117 Finansrekneskap med analyse
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset bygger på BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale rekneskapsmessige måleproblem, rekne ut skatt og til å kunne utarbeide ei kontantstraumoppstilling. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet kan analyserast nærare.
Innhald:
- Grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
- Rekneskapslova sine vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
- Rekneskapsføring av skatt i aksjeselskap
- Eigenkapital og disponering av årsresultat
- Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
- Rekneskapsanalyse
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal ved fullføring:
- ha kunnskap om finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
- ha kunnskap om sentrale rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
- ha kunnskap om dei mest sentrale skilnadane mellom rekneskaps- og skattereglar
- ha kunnskap om ikkje-finansiell rapportering, herunder bærekraftsrapportering
- forstå samanhengen mellom likviditetsendringar (kontantstraumoppstilling), verdiskapinga (resultatrekneskap) og anskaffing og bruk av kapital (balanse)
- kjenne sentrale nøkkeltal innan lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet
Ferdigheiter
Studenten skal ved fullføring:
- kunne utarbeide resultatrekneskap og balanse
- kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem
- kunne sette opp ei enkel skatteberekning
- kunne gjere årsoppgjørsposteringar og disponering av resultatet
- kunne utarbeide kontantstraumoppstilling
- kunne rekne ut og vurdere sentrale nøkkeltal med utgangspunkt i årsrekneskap for analyseformål
Generell kompetanse
Studenten skal ved fullføring:
- ha ei grunnleggande forståing for utarbeiding og analyse av årsrekneskap
- ha grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap (BØA113) eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav. Godkjente arbeidskrav er alltid gyldige.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen 5 timar. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F (der F er ikkje bestått)
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator av type:
- Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)
- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView
- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS
Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lover og forskrifter
Meir om hjelpemiddel