JU5-103 Kontraktsrett
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kontraktsretten er læra om inngåelse av avtalar, herunder representasjon og fullmakt, tolking av avtalar, samt reglane om ugyldigheit og lempning av avtalar. Dette er avgjerande reglar for å kunne fastlegge om det føreligg ein gyldig og bindande avtale mellom to (eller fleire) partar, og kva som er det nærare innhaldet i denne avtala.
Hovudproblemet i kontraktsretten er om det er inngått ein rettsleg bindande avtale. Høve til å binde seg ved avtale følgjer av at vi har privat autonomi. Avtalerettslig binding inneber at dei forpliktelsane ein part påtar seg, om nødvendig kan håndhevast gjennom bruk av rettsapparatet. Det kan også oppstå spørsmål om kva avtalepartane har bundet seg til. Dette beror på ein tolkning av kva partane har avtalt. Nokon gonger gir ein avtale eit så urimelig resultat at dette ikkje kan opprettholdast. I sleke tilfeller kan avtala lempes heilt eller delvis, noko som inneber at heile eller deler av avtala kan settes til side eller endres.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Grundig kunnskap om og forståing for reglar, samanheng og begrep innanfor emnane kontraktsrettsleg binding, tolking, ugyldigheit, lemping og representasjon.
- Kunnskap om innhaldet i, og anvendingen av, anerkjent fagleg metode, herunder bruk av lovfesta og ulovfesta kontraktsrettslege rettskjeldar.
- Kunnskap om hovudtrekk i den internasjonale utviklinga som kan få betyding for norsk rett innanfor desse emna.
Ferdigheiter:
- Finne frem til, systematisere og formulere kontraktsrettslege spørsmål og argumenta innanfor emna kontraktsrettsleg binding, tolking, ugyldigheit, lemping og representasjon.
- Anvende sin faglege kunnskap til å foreta ein sjølvstendig analyse av, og resonnere seg frem til eit fagleg forsvarleg standpunkt på, kontraktsrettslege spørsmål innanfor dei nemnte emna.
- Anvende ein fagleg metode som omfattar bruk av lovfesta og ulovfesta kontraktsrettslege kjelder, herunder relevante internasjonale kjelder.
Generell kompetanse:
- Kan formulere, drøfte og ta stilling til rettslege spørsmål på ein poengtert og presis måte, både skriftleg og muntleg.
- kan gje konstruktuve tilbakemeldingar på andres arbeid, og sjølv motta og gjere bruk av slike tilbakemeldingar.
- kan forklare korleis norsk rett på enkelte områder vert påvirka av internasjonale kjelder
- kan sondre mellom argument som er rettsleg relevante og argument som ikkje er rettseg relevante.
- kan identifisere relevante rettskjeldefaktorer, og aktivt og sjølvstendig undersøke desse for å finne argument til bruk for å løyse konkrete rettsspørsmål.
- kan gje eksemplar på korleis den teknologiske utviklinga påverkar rettsreglane.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar er examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100), examen philosophicum (SA596), og arve- og familierett (JU5-106).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i gruppe. Inntil 3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan verte pålagt å halda presentasjon eller levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samband med seminar. Ein kan og måtte kommentere konstruktivt på andre studentar sine oppgåvesvar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
4 timar skriftleg eksamen, bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmannsrettene, og alt av EØS- og EU-rettskilde, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og bokmål/nynorsk ordliste.
Meir om hjelpemiddel