NAB3014 STCW Vidaregåande sikkerheitskurs
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Vidaregåande sikkerheitskurs for skipsoffiserar og beredskapsleiarar i internasjonal skipsfart.
Kurset består av livbåtførarkurs, brannlagskurs og førstehjelpskurs. Emnet gir ikkje studiepoeng, men blir tilbydd studentar som skal fullføre bachelor i nautikk og seinare løyse sertifikat som dekksoffiser.
Praktisk informasjon:
- Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar. Kurset har ei avgrensa gyldigheit på fem år.
- Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet éin gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil det ikkje vere mogleg å ta kurset på nytt gjennom HVL.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunne gjere greie for beredskapsleiing om bord i skip i ulike typar naudssituasjonar.
- Ferdigheitar:
Studentane skal kunne føre ein livbåt og leia evakuering til livbåt. Dei skal kunne delta i og leie brannlag, og kunne gi førstehjelp til personar i medisinske naudssituasjonar.
- Generell kompetanse:
Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1.
Krav til forkunnskapar
Minimum bestått 70 sp innan studieprogrammet, i tillegg til NAB1020 Grunnleggande sikkerheitskurs eller tilsvarande. Grunnleggjande sikkerheitskurs (NAB1020) må vere gyldig på det tidspunktet der ein skal ta vidaregåande sikkerheitskurs.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
100 % frammøte og deltaking under heile kurset.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 1 time. Eksamen er gitt av ekstern kurstilbydar.
Bestått / ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel