NABP1012 Meteorologi og oseanografi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Meteorologi og oseanografi med bruk og tolking av informasjon frå meteorologiske instrument om bord, globale og lokale vêrsystem og vêrfenomén, varsling av vêr på grunnlag av synoptiske kart og anna informasjon, havstraumar og djupnetilhøve, bølgjer og bølgjemønster, isdanning og istilhøve, i tillegg til tidevatn og tidevatnstraumar.
Ekvivalent med emnet NAB2002.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna forstå dei naturlege prosessane i atmosfæren som skaper vær. Dei skal ha brei kunnskap om dei ulike meteorlogiske instrumenta om bord i skipet. Studentane skal kunna tolka tekst/grafiske vêrmeldingar og særskilt kunna identifisera område der vêret kan verta ein risiko for tryggleiken om bord. Studentane skal kunna henta ut informasjon om havstraumar frå relevante kjelder.
- Ferdigheitar:
Studentane skal ha ferdigheiter i å tolka vêrmeldingar og vêrteikn, og informasjon om straum og tidevatn på ein slik måte at denne informasjonen kan nyttast i ruteplanlegging og planlegging av offshoreoperasjonar for å unngå hardvêrsskade og sikra ein trygg og effektiv seglas.
- Generell kompetanse:
Faget dekkar relevante IMO krav på operativt nivå og leiingsnivå som skildra i STCW 78 as amended, tabell A-II/1 og A-II/2.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NAB1001 Fysikk eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar
Obligatorisk læringsaktivitet
2 skriftlege innleveringar. Begge må vera godkjent for ta eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4t. Kan skje elektronisk.
Gradert karakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjent kalkulator Casio fx-991EX.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB2002 - Meteorologi og oseanografi - Reduksjon: 5 studiepoeng